Vin, MatAnniken England

Domaine de Sulauze

Vin, MatAnniken England
Domaine de Sulauze

Leitar du etter ein aromatisk rosévin? Eg har svaret. Produsera Guillaume og kona Karina har akkurat det du ser etter!

- Innlegget er sponsa –

Med godt humør var det på produsenten Guillaume iført skjorter med slagorda ”Wine is cheaper than therapy” samt ”John fucking deer”. Frå eit område som produsera 75% rosévin har Domaine de Sulauze mange å samanlikne seg med, og det er inga tvil om at dei er blant dei betre. I Provence har Karina og Guillaume Lefèvre drive gården i Miramas sidan 2004. Dei driv biodynamisk landbruk og kan by på ei rekke produkt som vin, kveite, høns, grise, okse, hest og oliventrær. I tillegg har dei eit bryggeri – Brasserie de Sulauze. Bryggeriet kan du lese meir om neste laurdag!

Paret har ein lidenskap og visjonen som inngår i å beskytte jordbruken og jorda. Dei starta med økologisk drift som seinare utvikla seg til biodynamisk drift basert på Rudolf Steiners åtte forelesingar på Domaine Koberwitz nær Breslau i Schlesien. Mannen som er grunnleggaren av antroposofien som la grunnlaget for biodynamisk jordbruk.

På Biletet kan ein sjå Guillaume som fyller kuhorn frå døde dyr med kumøkk og pulverisert kvarts. I vinmarka vert kuhorna gravd ned over vinteren, for seinare å sprøyte på bakken og plantene.
På Biletet kan ein sjå Guillaume som fyller kuhorn frå døde dyr med kumøkk og pulverisert kvarts. I vinmarka vert kuhorna gravd ned over vinteren, for seinare å sprøyte på bakken og plantene.

Rosévinen ”Pomponette” har ein årleg avling som ligg på rundt 50.000 flasker. Laga på Grenache, Cinsault, Syrah, Vermentino og Mourvèdre har rosévinen sin klare karakter. Gjennomsnittsalderen på vinrankane er 15 år med ein produksjonsutbytte på 35 hl/ha. ”Pomponette” er spontantfermentert over 20 dagar i temperaturkontrollerte ståltankar, og det vert kun nytta naturleg gjær. Tappinga går for seg utan filtrering og med svært lav tilsetning av sovel.

Smaksnotat

Pomponette 2014Farge: Lys, klar rosa Nase: Ei aromatisk nase. Får floralske og tonar som går i retning mot raude bær, mot noko syrleg i avslutninga. Smak: Rik på smak i munnen mot raude bær og floralsk og krydder ettersmak. Vinen er tørr, lang og flott. Dette vert ein av mine sommarfavorittar.

Tekniske detaljer om Pomponette 2014 Varenr. 496601 Pris: 149,90 Land/distrikt: Frankrike, Provence, Coteaux-d'Aix-en-Pro Drue: Grenache 60%, Cinsault 15%, Syrah 10%, Vermentino 10%, Mourvèdre 5% Alkohol 12,00% Sukker: 0,80 g/l Syre: 5,70 g/l

Dei kjem i tillegg med ein svært saftig og leskande raudvin som er god å drikke aleine.

Cochon 2014Farge: Klar, raud. Nase: Hovudsakleg raude bær, med innslag av solbær og syrlegheita frå rips. Smak: Den franske raudvinen som er lett, saftig og passar for ein kvar anledning. Ein vert gjerne overraska med det same ein smakar vinen, men den modnar i munnen med frukt, klare tonar og saftigheit.

Teknisk informasjon: Varenr. 2238801 Pris: 158,90 Land/distrikt: Frankrike, Øvrige, Øvrige Drue: Cabernet Franc 20%, Grenache 20%, Cinsault 20%, Mourvèdre 20%, Syrah 20% Alkohol 12,50% Sukker: 0,20 g/l Syre: 2,70 g/l