Det er noko kjent med andlete…

Kor har eg deg frå? Lykkeleg uvitande tuslar eg vidare langs dei trange gatene. 

Eg har tross alt ei fjorten timars reise bak meg, med berre tre timars nattsøvn, før eg kom fram til Anjou. Det var sikkert ingen. Kroppen er proppfull av forventingar og glede over å endeleg vere tilbake i den vakre Loiredalen. Denne gongen besøker eg Anjou-Saumur for å delta på forskjellege vinmesser. Ikkje nok med at ei rekke produsentar skal besøkast, så skal det også finnast tid til å møte både gamle kjende og kanskje stifte nokre nye bekjentskap.

Alt er på ein måte så usminka og ekte i denne vesle byen. Den fyrste vinbaren er liten og gamal, men det betyr ingenting. Det som betyr noko er at den er proppfull av gode vinar. Dei bak disken kjenner stort sett til alle vinbøndene, noko eg vert svært entusiastisk over, men som bryr dei lite. For dei er dei ”berre bønder som produserer gode vinar”.

Etter ein innhaldsrik kveld fylt med bursdagsfeiring, fransk mat og ulike vinar frå Loire, vaknar eg med å slå meg sjølv i hovudet.

Sjølvsagt var det champagneprodusenten Emmanuel Lassaigne eg kort såg i! For tre år sidan vart eg introdusert til denne produsenten i Bergen då me smakte Jacques Lassaigne Millésime 2006.

img_6117-1024x682.jpg

Jacques Lassaigne produserer utan tvil himmelsk champagne. Utgangspunktet til Lassaigne er ein flekk på 4,7 hektar i Montgueux. Det er i hovudsak den friske drua chardonnay som vert nytta i produksjonen av champagnen, men i tillegg har familien ein liten del med drua pinot noir. Primært er vinmarka søraustleg eksponert. Jordsmonnet består av kalkstein, og utgangspunktet for å lage god sprudlande vin er så absolutt til stades.

Sonen Emmanuel Lassaigne driv familiebedrifta. Frå han byrja å jobbe i vinrankane i 1999 har han sett eit særeige preg på champagnen sin. Hans måte å arbeide på skapte fyrst stor skepsis blant naboane, men i ettertid har dei sett at det har gitt resultat.

Lite tid viar han til det som er populært eller ”på moten” om han ikkje kan stå fullt og heilt for det. Det er inga tvil om at Emmanuel står for eit perfekt resultat, og om han bestemmer seg for å gjere ei endring, brukar han gjerne 3-4 år på det. Med andre ord overlet ikkje Emmanuel produksjonen til tilfeldigheitene. Alle dei viktigaste avgjerslene tek han sjølv. Om det skulle syne seg å bli eit dårleg år, let han vere å produsera. Kvalitet er essensielt.

Om han ikkje er den einaste, er han i alle fall ein av få som ikkje frys ned flaskehalsen for dégorgement ved hjelp av maskiner. Dette gjer han derimot for hand for å unngå å etterfylla flaskene.

Det er tydeleg årgangsforskjell mellom 2006 og 2008 i Champagne.

I 2006 var det eksepsjonelt varmt i juni og juli, etterfølgd av ein klam august, men som heldigvis vart redda med varme og lyse forhold i september. Smaksnotatane etter å ha drukke Jacques Lassaigne Millésime 2006 for vel tre år sidan, kan fortelje at det var ein aromatisk vin med god syre, aroma av eple, jordbær, nøtter og mineralitet.

Som aperitiff opplevde eg Jacques Lassaigne Millésime 2008 med klar syre, tydeleg aroma av bakte og grøne eple, i tillegg til toast. Den er lang og med flott konsentrasjon. Årgangen 2008 var i utgangspunktet vanskeleg grunna store problem med fukt som gav utbreidd mugg. August var tørrare og med varme i september redda det produksjonen for mange av bøndene.

img_7230-682x1024.jpg

I desse dagane reiser vi mellom Anjou og Saumur for å smake mest mogleg. For min del er det ein liten strek i rekninga at vi mest truleg ikkje kjem over Emmanuel Lassaigne, men pytt, då blir det heller ein ny tur til Champagne i nærmaste framtid.