DELAS

Ei drue, ein dal og akkurat nok med erfaring. Resultatet gir fantastiske vinar. Eg har smakt på Delas Freres.

Rhône-dalen høyrer Syrahdrua til. Den nordlege delen av Rhône har utmerka seg, det kan den 2000 år gamle vinhistoria vise til. Allereie i romartida starta det heile i Côte-Rôtie, Condrieu og Hermitage. Historia kan fortelje om suksessen. Fenominalt jordsmonn, gamle og små vingårdar og truleg det viktigaste av alt, hardtarbeidande vinmakara.

Drua Syrah er å finne over heile verda, eit klart teikn på tilpassing. Ein vil ofte finne vinar der majoriteten er Syrah. Voksestaden, klima, handverket og sjølvsagt blenden gir vinens karakter og stil. Vinmakaren ser interessa i den smaksrike drua, der ein i den nye verda ofte får mykje for pengane. I mine auge finn eg stor interesse ved ulikheit og evna ei drue har til å vise, men det er i Rhône-dalen nokon av dei alle beste flaskene har sin opprinnelse.

IMG_6521
IMG_6521

La oss sjå nærmare på ein produsent som har fått slått ut håret i Rhône. Det heile byrja i 1835. Vingården Delas Freres vart grunnlagt av Charles Audibert og Philippe Delas i hjarta av Côtes du Rhône. Ein vingård som består av tradisjonelle og nye verdiar. Vingården gjekk opprinnleg under namnet Maisons Junique, men dei nye eigarane døypte om gården til Audibert og Delas. I 1924 tok sonen deira over, Philippe, som endra namnet til dagens namn, Delas Freres. Som hjå mange andre trengde gården frisk kapital og fusjonerte med Champagne Deutz i 1977. Ikkje mange år etter vart Delas Freres igjen overtatt av ein anna Champagneprodusent Louis Roederer. Med totalt 180 år på baken, er gården ein av dei eldste og produsentane i Nord-Rhône.

Med skifte i eigarskap og andre investeringar, er truleg den viktigast investeringar ansettelsen av vinmakaren Jacques Grange som tidlegare har jobba for blant anna M.Chapoutier. Dagens vinar vert laga av eit panel av ekspertar leia av vinmakaren Grange sjølv. Han er født og oppvokst i Burgund, men som vinmakar har han vore ein stor del av rennesansen Rhônedalen dei siste åra.

I Tournon-sur-Rhône held dei til, vel ein times køyring sør for Lyon. Her kan ein finne 30 hektar vinmark. Ti hektar er Hermitage, to hektar Saint Joseph AOC og 18 hektar Crozes-Hermitage. Med deira eigne markar i Hermitage, Crozes Hermitage, St. Joseph, Cornas, St Peray og Condrieu, er vel 60% av druene sine frå utvalde produsentar. Det gir ein total produksjon på ca. to millionar flasker vin per år.

Tradisjonen regjerer i Nord-Rhône, mens i den sørlege delen er det meir eller mindre kommersiell produksjon, spesielt Côte-du-Rhône. Normalt forventar ein lettdrikkeleg og rimeleg vin herfrå. Det er til sjeldanheita at ein derfor vil kome over ein kraftig og lagringsdyktig kjøp frå Côte-du-Rhône. Målet er best mogleg eller akseptabel kvalitet for ein rimeleg penge.

I dette segmentet held Delas seg tradisjonell. Vinen frå Côte-du-Rhône byr på mykje mørke bær, tonar av krydder og lakris. Vinen er ikkje lang, men samtidig gir flott struktur og innhald for prisen.

I tillegg har dei lansert Delas Côtes-du-Rhône Saint-Esprit Rosé 2014. Sjølv om sommaren er på hell, kan ein nyte dei siste kveldane med denne friske rosévinen. Vinen er tørr med smaken av raude bær, samt eple som auka friskheita.

Smaksnotat

Les Launes Crozes Hermitage Laga av 100% handplukka Syrahdruer. Gjæra i opne sementtankar med ein temperatur på 28-30 grader. Vidare har vinen fått 12 månader lagring på eikefat og ståltankar. Kombinasjonen byr på tyngde frå eiken, samtidig som ståltanken bevara fruktaroma. Strukturen i vinen er bra.

Nase: Flott nase med aroma av lær, jord, tre og mørke varme bær. Munn: Varm frukt som gjerne kan samanliknast med kirsebær, plommer og krydder. I munnen er den fin. Byr på varm frukt, krydder og er flott, men manglar likevel tanninar og noko til å halde den oppe. Noko kort.

Delas Crozes-Hermitage Des Grands Chemins Frå ein av dei beste vinmarkane i Crozes-Hermitage, Des Grands Chemins, er vinen laga på 100% Syrah. Samt her har produsentane handplukka druene, tradisjonell gjæra i opne sementtankar i 10-12 dagar. Vinen vert lagra i 14 månadar på eik og ståltankar. Her vert små brukte tønner frå Burgund nytta.

Nase: Svært aromatisk. Raudblå frukt, noko varm med animalske tonar. Munn: I munnen er den fyldig med krydder, mørke blå bær og klart preg av jordsmonnet. Den har middels mot lang lengde, fyldig og vinen er flott integrert. God vin som handterar lagring i lang tid, eit godt kjøp.