Crémant

Visste du at?

  • Den musserande vinen, Crémant, kjem frå sju stader i Frankrike, utanom Champagne.
  • Kan lagast på fleire forskjellige druetypar.
  • Vert framstilt ved hjep av den tradisjonelle metoden.
  • Må lagrast i minimum ni månadar på botnfallet.

Kva tenkjer du om Crémant? Har du noko forhold til det?

På mange måtar lev Crémant i skuggen av Champagne i Frankrike.

I heile Frankrike lagar ein musserande vin. For å komme med ei oppklaring med det same; ein skil mellom dei musserande vinane frå Champagne og Crémant. Champagne vert, som tidlegare forklart, laga nordaust i Frankrike i eit heilt spesifikt område, medan Crémant kjem frå heile sju forskjellige område i heile Frankrike. Desse områda set då namnet sitt bak ”Crémant de…” på etiketten.

Crémant de…” har du truleg registrert når du har scanna gjennom hyllene på polet, og betyr ”bobler frå…”

14875504142_4c39c70693_o-1024x616.jpg

I 1975 vart Crémant de Bourgogne etablert. Om planen var å utfordre Champagne, gjekk nok ikkje det heilt som planlagt. Det er fleire grunnar til dette, både varierande kvalitet, seriøsitet og tankar rundt produktet.

Du har gjerne sett at prisen er meir overkommeleg enn Champagne, spesielt om ein skal drikke bobler ofte (noko som er kjekt). Men, kva er eigentleg skilnaden på desse to?

Eg har alt påpeikt nokre, men også måten ein framstiller på er ulik. Då Champagne er laga etter den tradisjonelle metoden, med strengt regime, har Crémant tillete seg noko meir slakk kva angår dei strikte reglane.

I tillegg får Champagne tolv månadar på botnfallet, medan Crémant, på den andre sida, må klare seg med ni månader. Resultatet er at ein får eit preg av autolyse også hjå Crémant, men at ein ikkje når heilt opp samanlikna med champagne.

Kva er autolyse? Er det noko negativt? Slett ikkje, snarare tvert imot. Autolyse er nedbryting av døde gjærceller. Innan vinverden snakkar ein oftast om autolyse når det gjeld musserande vin og karakteren vinen får ved å ligge på dei døde gjærcellene frå andregongsgjæringa er ferdig og fram til dégorement (botnfallet vert fjerna).

Det kan vere alt frå kort tid, som med Crémant på ni månader, til fleire år. Dess lengre vinen ligg på dei døde gjærcellene dess meir aroma av bakst, brød og gjær får den. Aromane er positivt lada og ein fryd å finne i ein godt laga musserande vin.

8096329423_fb27d6d518_o-1024x683.png

Er Crémant kjipt? Slett ikkje.

Den musserande vinen er frisk, aromatisk og kjempegod. Stilane frå dei ulike områda vil variere, men generelt er kvaliteten stabil. Ein Crémant vil vanlegvis ligge rundt 150 kr og vil gi gode bobler som kan nytast både åleine eller til mat.

Boblene vil gjerne ikkje vere så tydelege, eller frukta er så tørr som ved Champagne, men dette treng ikkje nødvendigvis vera negativt for din gane. Klimaet varierer stort i heile Frankrike, noko som resulterer i syre, frukt og bobler.

Prøv deg fram blant dei mange alternativa som er å finne.

14238068566_c453188957_z-2.jpg