Chenin Blanc

Ein kort togtur sørvest frå Paris kan ein besøke det idylliske og karakteristiske vinområdet Loire.

Område strekkjer seg langs den 1000 km lange elva, Loire. Langs elva oppstå det ulike klimasoner og geologiske ulikheiter. I denne vakre delen av Frankrike vil ein finne heimstaden til den svært aromatiske dura Chenin Blanc.

Drua har over tusen år med historie bak seg. Opprinneleg var den kjent som ei drue frå Frankrike, men i dag vert den nytta fleire stader. I tillegg er drua basis for ein av Frankrike sine beste musserande og perlande vinar, Crémant de Loire.

På grunnlag av den globale oppvarminga har drua den siste tida skapt noko eineståande årgangar. Drua gir tørre, halvtørre og søte vinar. Om drua er angripe av edelråte vil aroma minne om mandel, honning, sopp, gule eple og gi ei munnkjensla som er fylt med fylde og fedme. Det blir sagt at den lengstlevande søte vinen er laga av Chenin Blanc frå Loire. Områda som Bonnezeaux, Quarts de Chaume og Coteaux du Layon i Loire lagar eksepsjonelle gode søte vinar. Det beste potensialet av dei søte vinane vil ein fyrst få etter fleire år med modning. Eineståande fylde og aromatisk glede vil den by på.

Dei enkle årgangane vil gi ulik modning til drua: [table caption="Modning" width="400" colwidth="250" colalign="left|left|"] Grad, Gram per liter Fyldige søte vinar (moelleu),30+ Halvtørr vin (demi-sec),10-20 Tørr vin,3-5 [/table]

Unik aromatisk smak og lukt byr drua på. Kontrasten mellom rik honning, guava, eple, mineralsk karakter, og ei tydeleg syre. Den tørre versjonen av Chenin byr på aroma av eple, pære, og ei tørr fylde som rommar munnen med ei snert av honning. I Vouvray kan ein også få ein snert av mineralsk smak.

I Sør-Afrika er drua Chenin Balnc den mest utprega. Den har i utgangspunktet blitt brukt til enkle vinar, men vinbøndene har i seinare tid sett drua sitt potensial om den blir behandla rett. Viner laga på Chenin Blanc vert stadig meir produsert i ”den nye verda”.

Ein vil finne eit mangfald av kombinasjonen mellom Chenin Blanc og mat. Hausten byr på sine smaksfulle rotfrukter og valet hamna derfor på krema sellerisuppe. Suppen er enkel og god. For å ”sprite” suppen opp toppa eg skåla med stekt chorizopølser, soltørka tomat, timian og chiliolje, inspirasjon frå Trinesmatblogg.no I glaset hamna vinen Guyons Saumur Cuvée Vent du Nord 2012. Basisvin som er å finne på dei fleste vinmonopol. Aroma av sitrus, pære, eple og urter gav ei utsøkt smaksoppleving. Prøv sjølv.