Château Thuerry

Mark Twain sa ein gong; “Hvem har gjort de største oppdagelsene? Tilfeldighetene.”

I Provence er Château Thuerry min tilfeldigheit. I ferien blir ein gjerne eventyrlysten. Med perfekt ferieselskap var alle opne for å sette seg i bilen og la tilfeldigheitane vise veg. I Provence var det akkurat det vi gjorde. Regionen er kjent for vakker strandsone, idylliske kystbyar og skjulte perler i innlandet.

Du kjenner gjerne til kystlinja, men mindre til innlandet? Du er ikkje aleine. Eit besøk i innlandet opplevde eg frodig natur, ekte lokalbefolkninga og skjulte perler. Tilfeldigheiter kan by både på positive og negative opplevingar, men ofte de mest minneverdige!

Kvitvinene L`Exception var mitt fyrste møte med vinhuset Château Thuerry. Lysten etter å besøke vinhus etter vinhus gløymer ein gjerne magen og logikken i at ein treng påfyll av mat. I byen Lorgues var vi alle samde at vi måtte stoppe. Den sjarmerande byen har karakter. Hovudgata er fylt av fargar i ulikt slag. Grunna siesta, eller pause midt på dagen, er det berre ein café som held opent. Hjå ”Les Bonnes Choses Café” står ein sjølvsikker italienar. Frå hans tale er det ingen tvil om at maten hans er den beste. Min skepsis lyster ofte raudt når nokon slenger ut den kommentaren, men samtidig var ikkje valet stort og for ein gong skuld kunne ein like gjerne teste ut maten hans. Til tross for min skepsis åt eg truleg den beste tartaren den dagen og att på til vart eg introdusert til Château Thuerry. Blinkskot!

Dei fargerike husa i byen Logroño.
Dei fargerike husa i byen Logroño.

Etter matpausen var vi alle fast bestemt på å besøke produsenten Château Thuerry. Med GPS til hjelp er det heldigvis ingen problem å snu seg rundt og raskt finne fram. Det å tilfeldig komme over ein produsent ein verkeleg fell pladask for skjer, men ikkje ofte. Rett før stengetind svinga vi inn på eigendommen. Her er det lite som kan minne om ein liten vinbonde – Døra ned til vinkjellaren står som eit kunstverk på ein terasse som speidar ut på vinmarka. I vinkjellaren er planløysninga nøye gjennomtenkt og praktisk tilrettelagt.

Døra ned til vinkjellaren står som eit kunstverk på ein terasse som speidar ut på vinmarka.
Døra ned til vinkjellaren står som eit kunstverk på ein terasse som speidar ut på vinmarka.
I vinkjellaren er planløysninga nøye gjennomtenkt og praktisk tilrettelagt. Foto: Nina Granlund Sæther
I vinkjellaren er planløysninga nøye gjennomtenkt og praktisk tilrettelagt. Foto: Nina Granlund Sæther

Serge Gombert er vinbonden og mannen bak den flotte kvitvinen. Sjølv om han var på veg ut døra, tok han seg tid til å vise oss rundt og fortelje om vinproduksjonen. Gombert har mange års erfaring som vinbonde både i Europa og Sør-Amerika før han slo seg til ro i Provence. Det er Gombert som er vinbonden, mens investoren held til i Paris og er lykkeleg over resultatet Gombert produsera.

Å finne personar som er lidenskapleg oppteken av noko, vie all sin tid og tørre å satse er sjeldan, og desto kjekkare! Serge Gombert er nok ein av dei. Etter mi meining kan hans toppvinar bære preg av det. Det viser seg at produsenten er svært populær i Frankrike og er å finne hjå dei mange restaurantane i Paris.

erge Gombert er vinbonden og mannen bak den flotte kvitvinen. Foto: Nina Granlund Sæther
erge Gombert er vinbonden og mannen bak den flotte kvitvinen. Foto: Nina Granlund Sæther

Château Thuerry har ein eigendommen som utgjer 340 hektar, der 45 hektar består av vinstokkar og resten av oliventrær. Vingården ligger fordelt på tre landsbyar og i tre ulike vinsonar. Geografisk ligger dei på ein høgde på 400 meter og åssidene er sørleg vendt med karakteristisk jord - av leire, kalkstein og småstein. Her har dei slått rot over fleire tiår.

Det blir produsert vel 65% raudvin, 30% rosévin og 5% kvitvin. Drua Cinsault har dei planta sidan 1927, i tillegg finner ein druene Syrah, Grenache og Rolle (med namnet Vermentino i Italia). Vinhuset har eit mål om å skape noko nytt og prøver seg gjerne med nyplanting. Ein finner derfor Cabernet Sauvignon, Semillon, Merlot og Mourvèdre her.

Vinane er ikkje å finne i Noreg, men eg anbefalar på det sterkaste å besøke dei eller smake vinane ved neste opphald i Provence.

Foto: Nina Granlund Sæther
Foto: Nina Granlund Sæther

Château Thuerry - L'Exception Rosé Druer: Merlot, Caladoc Jordsmonn: Leire, kritt/kalkstein Vinifikasjon: Ei blend med seks timar maserasjon. Fermentering og aldring i sju månader i nye franske og amerikanske eikefat med omrøring av botnfall i tønnene. Smak: Fruktig rosé med fylde av eik, god aroma og konsentrasjon.

Château Thuerry - L`Exception White Druer: Semillon, Rolle Jordsmonn: Leire, kritt/kalkstein Vinifikasjon: Fyrst kaldmaserasjon i 16 timar, deretter gjæra i 45% på nye fat. Ligger så på lees i sju månadar før tapping. Smak: Aromatisk livleg vin.

Château Thuerry - L`Exception Red Druer: Cabernet Sauvignon, Merlot Jordsmonn: Leire, kritt/kalkstein Vinifikasjon: Starta med ein kaldmaserasjon for å gi finesse, deretter ei lang fermasjon på 32 grader for å ekstrahere tannier. Cabernet lagrast på eikefat på tolv månader, rafinerte tanninar og tilføyer eiketonar. Smak: Konsentrert vin med fylde og karakter.

Lykkeleg etter vibesøk og to boksar med vin.
Lykkeleg etter vibesøk og to boksar med vin.