Chardonnay

- Det er ikkje Chardonnay, men Chablis eg skal ha!Utsagnet er ikkje uvanleg å høyre ved serveringsstader. Både Chardonnay og Chablis er sentrale ord som dei fleste kjenner, men som mange har ei anna forståing av.

Burgund er heimstaden til Chardonnay. Drua vart fyrst oppdaga der. Ved hjelp av DNA har ein funnet ut at Chardonnay er avkom frå Pinot og Gouais Blanc. Ein kan ikkje datere den eksakte datoen for oppstanden for drua Chardonnay. Truleg var Gouais Blanc introdusert i Frankrike rundt det tredje århundre. Rundt den 13. århundre vart Chardonnay kjent som ein uvanleg druevariant. Tida har endra seg, og i dag vil ein nok sei at Chardonnay er den mest kjende drua i verda.

Chardonnay har den eigenskapan som lett tek smak av sitt voksestad eller framstillingsteknikken som er nytta. Drue er aromatisk nøytral.

Kva for aroma gir Chardonnay? Drua kan vise seg frå mange ansikt. Sitt nøytrale aromabilete vil den lett bli påverka av sine omgivelsar. Det vil vere faktorar som terroir, klima, framstillingsteknikk, handtverk og lagring. Chardonnay vil ein finne over heile verda. Frå kulde og frost til solrike dagar har Chardonnay den eigenskapen til å finne seg til rette. Det klimatiske forholda vil sjølvsagt sette spor på vinen. Generelt vil ein finne nokre skilnader. I varme forhold vil drua normalt gi meir alkohol, den er tydlegare og har mindre friskheit enn i dei kjølige områda.Typiske aroma er tropisk frukt og fersken. Dette vil vere til døme vinar frå den nye verda. Vinane derifrå vil representere andre karakterar, aroma og kvalitet enn frå meir kjende Chardonnay områda. Chardonnay visar seg ikkje frå ei ”feil” side, men at den har ei eigenskap til å tilpasse seg.

I dei kjøligare områda vil ein få aroma av eple, sitrus, nøtter, smør, tydlegare friskheit og noko mindre alkohol. Kvitvin frå Burgund har verkeleg vist seg frå ulike sider. Vinar frå Burgund går kvitvin eit nytt ansikt og aromabilete. Området kan vere vanskeleg å forhalde seg til grunna deira mange appellasjons- og eigendomsstruktur. Likevel vil ein så gjere utforske Burgund. Mange har nok eit forhold til vinar frå Meursault, Saint-Aubin, Chassagne-Montrachet, Puligny-Montrachet og fleire. Typisk vil ein få friskheit, ei rundare syre, nøtte- og smørprega vinar. Vel 150 km nordvest frå Dijon vil ein finne Chablis. Jordsmonnet består av kimmeridgekalk. Kombinasjonen av kjølig klima som gir friskheit og aroma av mineralitet. Chablis byr også på skilnader. Nokre lagrar vinen sin på fat, men det mest vanlege er å lagre vinen på ståltankar. Det er for å halde på den fantastiske aroma ein får frå jordsmonnet som er å finne her. I tillegg kjenner mange til Champagne der Chardonnay er ein av tre viktigaste druane.

Det er inga tvil, men Chardonnay kan vise seg frå ulike ansiktet!