Champagnefrukost?

Hurra for 17.mai !

Det er ikkje lenger antal iskrem som står i fokus eller å knuse alle i sekkeløp, synge høgast i toget eller vinne plomesteinspytting, men heller nyte folkefesten med bobler frå morgon til kveld.

Elskar eg nasjonaldagen? Ja, kven gjer vel ikkje det?

Noregs nasjonaldag er som kjent ”bornas dag”, men som vaksen kan ein også ha mykje moro sjølv om vi alle stiller med ulike tankar rundt dagen.

På godt og vondt har vi ikkje same forholdet til nasjonaldagen som våre forfedre. Å sjå tårene i augo på dei eldre under ”Ja, vi elsker” gir oss eit innblikk i eit Noreg frå svunne tider, med ei historie vi knapt nok kan førestille oss. Heldigvis.

Tida går framover, og vi med. Nasjonaldagen skal feirast.

Start gjerne dagen med eit glas champagne eller kalde bobler før virvaret trer i kraft og gatene er fylte med folk.

Iført bunad syng og skålar ein nasjonaldagen i gong, men kva skal ein servere saman med boblene? Ein tommelfingerregel er å halde seg til det som kjem frå havet for å vere på trygg grunn. Eg kan til dømes føreslå reker, laks eller sild.

Og som du veit har vi nok av råvarer, godbitar og oppskrifter som passar perfekt til frukosten. Les gjerne mine tidelegare artikklar eller ein av dei mange oppskriftene til DN.

P.S. Hugs at dagen er lang, så to glas til frukost er truleg meir enn nok.

148848799_c860f13661_z.jpg

Kva bør ein ha i glaset?

Cava

Musserande Cava kjem frå den nordaustlege delen av Spania, altså nær Barcelona. Her vert den laga på den tradisjonelle måten. Druene som oftast vert nytta er macabeo, xarel-lo og parellada.

  • Grans Moments Cava Brut Nature kr 115,- Eit kupp! Aromatisk av eple og eple, samt hint av urt. God konsentrasjon med krema og rein frukt.

Crémant

Musserande Crémant kjem frå fleire ulike områder i Frankrike, men då altså ikkje frå Champagne-regionen. Den musserande vinen vert laga på den tradisjonelle måten. Her må vinen lagrast i minimum ni månader på botnfallet. Dei tradisjonelle druetypane vert nytta, men også andre typar (som til dømes..?) . Prisen er frå 120 kr og oppover.

  • André Delorme Crémant de Bourgogne Prestige kr 167, 90,- Med to år på botnfallet sitt har vinen flott kompleksitet. Aroma er prega av bær, sitrus, og mineral. Vinen er rett og slett deileg.

…..om du skal vere storkar, ja då er Champagne kanskje noko for deg!

Champagne

Musserande vin frå sjølvaste Champagne-regionen. Laga på Chardonnay, Pinot Noire og Pinot Meunier.

  • Grémillet Sélection Brut kr 219,90,- På Tango selde vi denne i massevis, er det rart? Nei. Den er god og aromatisk, med sitrus, blomar, eple og noko kjeks. Passar godt til mat, men kan også nytast åleine.
  • Bonnaire Grand Cru Prestige millésimé 2008 kr 379,90,- Klar i opninga i munnen med tydeleg smak av mineralitet, toast og gulgrøne eple. Bra mousse med flott struktur. Lang, konsentrert og med flotte dråpar. Svært godt kjøp både med tanke på pris og innhald.
  • Jacques Lassaigne Les Vignes de Montgueux Blanc de Blancs Extra Brut                                                                   Les meir om denne karen her.
AnnikenEngland-119-1024x683.jpg