Champagne til 17.mai?

Tips for siste innspurt!

Sjølvaste nasjonaldagen står for tur. Dagen for store og små. For mange inneberer det Champagnefrukost før gatene fyllest opp av jubel og song. Om ein er i siste liten, kva kjøper ein? Hurtigguiden er her!

Grunna pinsen er altså i dag, fredag 13., siste moglegheit for å sikre seg bobler til nasjonaldagen. Bestillingsutvalet går då vekk, men fortvil ikkje, det er fortsatt godsakar å finne.

Musserande vin er symbolet på fest og glede, men kvifor? Forskinga kan vise til at ein vert raskare brisen på musserande, er det årsaken? Ikkje veit eg, men eg veit at musserande er fenominalt godt.

Akkurat kva som gjer ein raskare brisen på musserande er uvisst, men tydelegvis vert det absorbert raskare i fordøyelsessystemet. Studie kan vise til at ein absorbera 20 prosent av alkoholen i magen, resten vert absorbert i tarmen. Teorien er at karbondioksyden i boblene på ein eller anna måte vil auke straumen av alkohol i tamen.

Bildet er henta på Flickr og har ei Creative Commons-lisens
Bildet er henta på Flickr og har ei Creative Commons-lisens

Bildet er henta på Flickr og har ei Creative Commons-lisens.

GJÆR + SUKKER = ALKOHOL + CO2 Om det var munken Dom Pérignon (1638-1715) som var mannen bak ”champagnemetoden” er ei myte framfor sannheita. Likevel kan ein ikkje tvile på at han var den som var med på å finne ut kvifor det vart boble og trykk inni vinflaska.

Vinen vart laga om hausten og tappa i glasbeholdara, og deretter flaska når temperaturen falt. Resultatet vart altså at gjæren stoppa naturleg. Mykje av vinen inneholdt både gjærrestar og restsukker, då temperaturen steig byrjar gjæren i vinen å vakne til live i flaska og resulterte i at flaska eksploderte. Noko som førte til at flaskene ved sidan av knuste - kjedereaksjon. Dom Pèrignon undera korleis dette kunne forhindrast og ikkje minst redusere tapet av dei kostbare flaskene. Samanhengen var gjæringsprosessen inni flaska som kullsyre resulterte i CO2.

Musserande vin vert til ved andregongsgjæring i flaska. Det er sukker og gjær som vert tilsatt i ei ferdig og relativt alkoholsvak basevin i ei flaske som lukkast og let ei ny gjæring byrja.

”Champagnemetoden” vart ein del år seinare eit kvalitetsbegrep. Svært populært vart det i tillegg i større skala frå starten av 1800-talet. Det var enka Cliquot-Ponsardin som var ei driftig og smart dame. Ho fant opp pupitres, men så var ho også leiaren for champagnehuset i den absolutt leiande elitedivisjonen. Du kjenner truleg til den knall gulfargen som formar etiketten. På den tida var gulfargen på etiketten noko av det dyraste å framstille, derav var formålet med etiketten perfekt, altså eksklusivitet.

Derav fekk Champagne-regionen i 1994 medhald av EU i at ordet skal vere beskytta med bakgrunn for at Champagne kan nytte det. Derfor er det ikkje lov å sei at vin er laga på ”champagnemetoden”, heller vert méthode traditionelle eller méthode classique når ei flaske har fått ei ny gjæring inne i flaska tillat.

"Too much of anything is bad, but too much Champagne is just right." —F. Scott Fitzgerald

Eg kunne ikkje ha sagt meg meir einig! Musserande vin kan faktisk passe til alle anledningar, men då ei feiring står for tur, er det faktisk obligatorisk, men kvifor? Jo, det er digg! I tillegg passar det til mat, masse forskjellig mat.

Det har seg slik at den smaksrikdommen og friskheita i Champagne kjem i sitt rette eliment med mat. Boblar verkar som ei smaksforsterkar. Generelt vil ein sei at dei lysaste, lettaste vinane passar til lett mat.

For Blanc de Noirs er den laga på raude druer. Vinen kan fortsatt vere kvit, men likevel får ein ei djupare og fyldigare vin med rikare smak. Naturleg vil denne vinen passe til kraftigare mat og gjerne kjøtrettar.

Musserande er derfor kjekt å byrje dagen med på 17. Mai. Det er gledesboblar som byrja frå morgon av og set standarden for dagen. Akkurat kva du går for er ditt val. Finn gjerne ein god produsent eller din favoritt, men ikkje kast perler for svin for noko du ikkje set pris på. Alternativa er gode, og ikkje tru at du mister ansikt ved å ikkje møter opp med Champagne. Det er fortstat andre flotte musserande vinar å velje mellom. Nyt boblene, selskapet og ikkje minst dagen!

Bildet er henta på Flickr og har ei Creative Commons-lisens
Bildet er henta på Flickr og har ei Creative Commons-lisens

Crémant

Musserande Crémant kjem frå Frankrike, altså alle andre områder utanom Champagne-regionen. Den musserande vinen vert laga på den tradisjonelle metoden. Her må vinen lagrast minimum ni månader på botnfallet. Dei tradisjonell druetypane samt andre kan nyttast . Prisen vil vere frå 120 kr og oppover.

André Delorme Crémant de Bourgogne Prestige kr 167, 90,- Med to år på botnfallet sitt har vinen flott kompleksitet. Aroma er prega av bær, siturs, mineral og sitrus. Vinen er deileg.

Brun Crémant de Bourgogne Charme Blanc de Blancs Extra Brut kr 199, 90,- Laga på 100 prosent Chardonnay. Flotte aroma av sitrus og eple. Her kjem fint innslag av mineralar og brøddeig.

Cava

Musserande Cava kjem frå Spania frå den nordaustlege delen, altså nær Barcelona. Her vert den også laga på den tradisjonelle metoden. Druene som oftast vert nytta er macabeo, xarel-lo og parellada.

Grans Moments Cava Brut Nature kr 115,- Eit kupp! Aromatisk av eple og eple, samt hint av urt. God konsentrasjon med krema og rein frukt.

Juvé y Camps Reserva De La Familia Gran Reserva Brut Nature kr 184,90,- Ei svært matvenneleg vin, truleg grunna strukturen og friskheita. Aroma av sitrus, eple og blom. Her kjem det med innslag av kjeks og noko som kan minne om gummi.

Prosecco

Musserande Prosecco kjem frå Italia. Her lagar ein musserande vin på tank-metoden. Drua som vert nytta er Glera. Prisklassen vil ligge frå 100 kr og oppover.

Santero Bionature Extra Sec, kr 140,- Saftig og likandes vin, ikkje komplisert, men god! Aromatisk av sitrus, pære, blom og hint av nøtter.

…..om du skal vere storkar, ja då er Champagne kanskje noko for deg!

Champagne

Musserande vin frå sjølvaste Champagne-regionen. Laga på Chardonnay, Pinot Noire og Pinot Meunier.

Grémillet Sélection Brut kr 219,90,- På Tango solgte vi denne i massevis, er det rart? Nei. Den er god, aromatisk sitrus, blomar, eple og nook kjeks. Passar godt til mat, og elles nytast aleine.

Bonnaire Grand Cru Prestige millésimé 2008 kr 379,90,- Klar i opninga i munnen med tydeleg smaken av mineralitet, toast, gulgrøne eple. Bra mousse med flott struktur. Lang, konsentrert og flotte dråpar. Svært godt kjøp både i pris og innhald.

Bonnaire Grand Cru Cramant Blanc de Blancs millésimé 2008 kr 379,90,- Krema stil med fin utvikling. Aroma av sitrus, eple med hint av kjeks og god lengde. Svært godt kjøp både i pris og innhald

Bollinger Spécial Cuvée Brut kr 426,90,- Aller manns elskverdige vin. Godt? Ja, men vanleg? Ja. Aromatisk med vanilje, bakt eple og hint av kjeks. Krema struktur.

Jacquesson Cuvée no 737 kr 429,90,- Biodynamisk og kjempegod kvalitet. Ein av mine favorittar. Brødrene Jean-Hervé og Laurent Chiquet er viktige for kjempebra for at champagne ikkje er rett fram, men at det heller skal gi smak av jordsmonnet.