Champagne frå vinhuset Bonnaire

Champagne frå vinhuset Bonnaire

I byrjinga av mai kom det fleire nyheiter på Vinmonopolet, deriblant eit dusin nye lanseringar med Champagne.

Denne gongen la dei vekt på tørre og friske Blanc de Blancs som er laga på den grøne drua Chardonnay. Får listene på Vinmonopolet går det fram at dei fleste vinane kjem frå den kjølige årgangen 2008. Det gir dei fleste delikate vinar med god syrefriskheit. Ei nyheit du ikkje skal gå glipp av er frå vinhuset Bonnaire.

Champagne frå vinhuset Bonnaire er lokalisert i Cramant. Det ligg søraust i Champagneområdet, eit område som er i all hovudsak planta med Chardonnay. Totalt er det 17 kommunar med status med grand cru der Cramant er ein av dei. Elegansen og hint av mineralitet dominera i vinen frå regionen som reflektera den kalkholdige jorda.

Fernand Bouquemont er grunnleggaren bak vinhuset som byrja å produsere i 1932 under den økonomiske krisa. I likheit med andre på den tida dyrka han druer som vart solgte vidare for vinproduksjon, men etter krisa på 1930-talet byrja han å produsere sjølv. Det heile fekk medfart då dei mottok gullmedaljen på Concours Général Agricole i Paris.

I dag er det Jean Emmanuel Bonnaire og broren som driv vinproduksjonen vidare etter at faren nyleg gjekk bort. Med sine 22 ha har Bonnaire fordelt drifta i det kjende ”Côte des Blancs” og det resterande i ”Vallée de la Marne”.

Champagne Grand Cru Prestige Millésimé 2008 100% Chardonnay Jordsmonn: Kalk 6 g/L sukker 5,3 g/L syre 65 mnd. flaskelagring på berme (botnfall)

Farge: Grøngul Duft: Rik på nase med aroma av mineralitet, toast, grøn og gule eple med lagringspreg Smak: Klar i opninga i munnen med tydeleg smaken av mineralitet, toast, gulgrøne eple. Bra mousse med flott struktur. Lang, konsentrert og flotte dråpar. Vurdering: Svært godt kjøp både i pris og innhald

Champagne Grand Cru Blanc de Blancs Vintage 2008 100% Chardonnay 7g/L sukker 4,9 g/L syre 76 mnd. flaskelagring på berme (botnfall)

Farge: Grøngul Duft: Aromatisk. Sitrus, eple med mineralitet og hint av brøddeig Smak: Krema stil med fin utvikling. Aroma av sitrus, eple med hint av kjeks og god lengde Vurdering: Svært godt kjøp både i pris og innhald