Ceviche av torsk

Livet er fylt med kontrastar, førre helg var eg i Loiredalen, medan eg denne helga reiste på fisketur i Florø.

Kvar tur hadde sin sjarm, men ein ting er sikkert, Noreg er vakkert. Det tok meg mange turar til ei rekke verdsdeler og lengre opphald i enkelte land før eg innsåg dette. Variasjonen i naturen er spektakulær, den reine lufta og mange moglegheiter til å leike seg fjell, fjord eller nyte bylivet. Det er ikkje rart at vi får besøk av turistar frå heile verda.

Vestlandet er generelt vått, surt og kaldt. Meteorologisk Institutt kan vise til skremmande fakta når det kjem til vêrvariasjonar, og dei kan bekrefte kor mykje nedbør det faktisk er på vestlandet samanlikna med austlandet. Det er skremmande det.

Forholda kunne ikkje ha vore betre.
Forholda kunne ikkje ha vore betre.

Akkurat denne helga skulle Florø vise seg frå si beste side. Frå eg kom på fredag til avreise søndag ettermiddag var fjorden blikkstille og sola skein. Heilt magisk.

Etter ein perfekt helgefrukost, kledde vi godt på oss, hoppa i båten, og spente trakk vi opp garnet. Fyrste dagen fekk vi to torsk og ei lange. Ettersom vi skulle ha sju personar til middag kan ein lage mykje forskjellig, men kva kan ein lage som mettar alle, som er godt og ikkje minst spenstig?

Ceviche av torsk vart løysinga. Eg har ete det fleire gonger, men aldri laga det sjølv, så kvifor ikkje?

Om du er tilhengar av sushi, prøv gjerne ceviche. Ceviche er rå fisk ”kokt” i syre frå sitrus. Syra bryt ned proteina og fibrane i fisken slik at konsistensen gir kjensle av varmebehandla fisk, berre at det er betre.

Du finn ulike variantar av ceviche over heile Sør-Amerika, og peruvianerane har erklært ceviche til ein del av landets nasjonale kulturarv og difor gått så langt som at 28.juni er cevichens dag.

Filletert fisk ute i det fri.
Filletert fisk ute i det fri.

Forrett til fire personar.

Ingrediensar

  • 400 g fersk torskefilet
  • 1-2 lime (alt etter storleiken)
  • 1-2 sitron (alt etter storleiken)
  • 2 sjalottlauk
  • Frisk koriander
  • 4 ss olivenolje
  • Vårlauk
  • Soltørka tomat
  • 1 ts chili

Vi sløya fisken ved hamna før vi tusla tilbake til huset. Her vart fisken vaska, filletert og delt i små bitar på ca 2-3 cm.

Del sjalottlauken i små bitar saman med tørka tomater og chili.

Press så lime og sitron.

Ha fisken, løken, tomatene og chilien i ei form og hell over sitrussatene med olivenoljen. La dette stå i 20-30 minuttar, alt etter kor rå kjerne du måtte ynskje. Smak under vegs.

Del opp vårløk og frisk koriander like før servering. Vipps, så er retten klar.

Du kan no stolt servere ein frisk, smaksrik rett som både er enkel, original og sunn.

Server gjerne ein vin som inneheld litt sødme for å balansere med syra og det sterke i retten. Ettersom eg serverte fisken med ein god chili, tomater og litt saft frå limen og sitronen var det perfekt å drikke ein amerikansk Riesling, Charles Smith Kung Fu Girl Riesling 2014/2015.

Vinen er frisk med aroma av sitrus, eple og innslag av mineralar.

Om du ikkje har prøvd ceviche, snu deg rundt, det er enkelt, friskt og så godt.

Bon appetit! 

OBS! Ver oppmerksam på at fisk som skal serverast rå må vere fersk. For å vere på den sikre sida kan du gjerne fryse ned fisken til den når ein indre temperatur på minus 20 grader celsius, eller lågare, i minimum 24 timar. Nedfrysinga vil drepa eventuelle parasitter og ein kan unngå infeksjonar.

To nøgde sjela på fisketur.
To nøgde sjela på fisketur.