Cava

Visste du at:

  • Cava er musserande vin frå Spania.
  • Dei nyttar den tradisjonelle metoden i framstillinga.
  • Vert oftast laga på druen(e) xarel-lo, macabeo og parellada.
  • Den er ypparleg til tapas.

Kjenner du til Cava-produsentane Freixent eller Codorníu? Dei er truleg største innan produksjonen av Cava.

Mi fyrste oppleving av Freixent vart også den siste, då eg ikkje har drukke den sidan. Som hjå mange andre var det ei nyttårsafta. Du forstår teikninga.

Du kan finne mange andre spanande Cava-produsentar enn. Ein av mine klare favorittar er Grans Moments Brut Nature gitt pris og innhald og musserande vin frå Cava-produsenten Alta Alella, så ja, det er mange andre kjekke Cavaer, kva for ein er din favoritt?

Suksess får sjeldan skinne aleine

Fleire ville gå i fortspora til Champagnen. Sjølv om det er ingen, eller få, som har oppnådd same blesten (kanskje med unntak av Prosecco på den norske marknaden), var det fleire som ville prøve same suksesshistorie.

Ein av desse var Josep Raventós, som får æra av å ha funne opp Cava i 1872. Raventós og teamet hans kom fram til ein måte å framstilla vin med bobler som var raskare, billegare og totalt sett smartare enn det som var blitt gjort i Champagne.

Eg er ikkje under oppfatninga av at spanjolane prøvde å kopiere Champagne. Dette fordi dei har svært ulike utgangspunkt med tanke på druer, klima, jordsmonn og ja, framstillingsmetoden. Det betyr ikkje at Cava er dårleg, men snarare ulik frå Champagne. Og er det noko galt med det? Nei.

Freixentfinner ein over heile verda

Den største produsenten av Cava er Freixent, og det var dei som forstod at eksport var vegen til ekspansjon allereie på 1960-talet. Den svarte flaske med gullskrifta på vart etterkvart tilgjengeleg over store delar av verda.

Markedsføringa deira har vore målretta med kjende personar som feirar ei anledning og er iført fargar som kan minne om fargane på flaska. Pussig korleis hjernen vår fungerer og kor effektivt den kan påverkast.

Smaken av Cava

Val av druer og eit varmare klima spelar ei stor rolle for kva aroma og smak ein får i flaska. I Cava betyr dette gjerne modnare frukt. Ettersom Cavaen kan ligge på botnfallet kan ein få eit hint av bakst og toast, utan at det dominerer.

Det er ei rekke gode flasker å finne, så prøv gjerne noko nytt ved neste anledning. Personleg tykkjer eg ofte at Cava er meir kommersielt, og difor ikkje har same ”personlegheita” som ein finn hjå nokre produsentar i Champagne, men det betyr ikkje at det ikkje er kjekt å drikke på. For Cava er stort sett godt.

34204928862_199f0cf7b8_z.jpg

Prisforskjell 

Kvifor er prisen så ulik blant dei ulike musserande vinane? Det er fleire faktorar, og kvar faktor er viktig for å forstå heile biletet.

På mange måtar er druene som bustadmarknaden. Nokre stader har betre forhold, betre rykte og betre miljø som pressar prisane opp. Difor må ein gjerne påkoste seg druer i Champagne for seks euro kiloen, medan ein i Spania kan kjøpa eitt kilo til ein  gjennomsnittspris på 20 cent. Du forstår forskjellen allereie her.

I tillegg har ikkje basevinen i Spania same nivå som den i Champagne, noko som resulterer i ein betydeleg mindre lagringskostnad.

For å laga musserande vin må ein byrje med å lage kvitvin som ein kallar basevin, her nyttar ein gjerne kvite og raude druer. Denne basevinen vil sjølvsagt vere ulik alt etter område, klima, druer. Ein tilsetter ei blanding av sukker og gjær i basevinen (liqueur de tirage) som vert tappa på ei flaska, og ei ny gjæring startar. Og det er i nettopp denne prosessen karbondioksidet oppstår. Altså ei andregongsgjæring.

Før flaska er klar for sal skal dei døde gjærcellene ut. For å fjerne botnfallet reiser ei flaska gradvis flaska frå horisontal til vertikal posisjon med botn opp, på den måten får ein botnfallet i korken (remuage).

Denne vedninga vart i gamle dagar, samt store delar av Champagne, gjort for hand. Frå å snu kvar flaske manuelt, som ein gjerne gjer i Champagne, nyttar dei heller maskiner som gjer denne jobben i framstillinga av Cava. Maskina vert kalla gyropalett og kan romme 504 flasker.

Sjølv om Freixent er ein stor og kommersiell produsent (som var pådrivaren for å effektivisere framstillinga) er det imponerande korleis dei held kvaliteten og produktet stabilt. I laboratorium arbeider dei nøye med utviklinga av framstillingsprosessen for å få produktet mest mogleg stabilt og bra.

Like rundt Barcelona 

Cava kan produserast fleire stader i Spania. Cava DO kan nyttast i åtte ulike vinregionar; Aragon, Baskerland, Castilla y Léon, Catalonia, Extremadura, Navarra, Rioja og Valencia, men det er primært produsert like utanfor Barcelona, nordaust i Spania.

Om du er i området, ikkje berre for å ete, drikke og nyte byen, kan eit vinbesøk verkeleg anbefalast.

IMG_8505-1-1024x404.jpg

Gira på meir?

For fyrste gong besøkte eg Barcelona hausten 2016, les gjerne meir om opphaldet i innlegget Reisebrev: På kanten i Barcelona og på besøk hjå produsenten Alta Alella. Dei byr på ei rekke gode musserande vinar, som vi i Norge er så heldige å finne to av på Vinmonopolet.