California, I’ll be back!

I det Norwegian byrja med direktefly til San Francisco var det nok fleire enn meg som fekk augo opp for eit ferieopphald over dammen.

Ikkje berre har byen eit rykte for å vereThe Capital innan teknologi og innovasjon, men kva er vel ikkje betre enn at dei kan by på vin i tillegg?

California er per i dag den fjerde største vinmarknaden i verda.

Vinproduksjonen i California starta i 1830, og frå den tid og til i dag har det skjedd mykje. Det er spesielt to hendingar som det verdt å trekke fram og som har spelt ei sentral rolle for dagens situasjon.

Det fyrste er forbodstida som byrja i 1920 og varte i 13 år. Den andre hendinga er ei blindsmaking i Paris i 1976, leia av Steven Spurrier, som opna augo for amerikansk vin verda over. Under denne blindsmakinga slo amerikanske vinprodusentar ut anerkjende vinslott i Frankrike.

Utruleg nok skjedde det same att 30 år seinare. I 2006 dunka amerikanarane ut franskmennene igjen, noko som resulterte i at California trygt kan seiast å vere ein av verdas ankerstader for god kvalitetsvin.

Treden i USA har gjerne vore ”mykje er betre”. Det betyr at dei generelt har basert seg på tydeleg innslag av eik med aroma av vanilje, toast og nøtter. Heldigvis har bruken av eik endra seg mykje og store delar av den amerikanske vinproduksjonen kan no vise til reine, klassiske og meir balanserte vinar.

Vinane deira som vert laga på chardonnay eller pinot noire kan i nokre tilfelle minna om dei frå Burgund, og kven er vel ikkje glad i dei? Burgund er eitt av mine absolutte favorittområde, men prisane har auka voldsamt dei siste åra, noko som skremmer mange vekk.

Å søkje etter alternativ er difor ikkje uvanleg. Ettersom amerikansk stil, gjerne den frå California, har vist seg for å vere noko i same gata som Burgund er det lett å skifte parti. Sjølv har eg ved fleire anledningar halde eller delteke på blindsmaking der vi har bomma på om det fransk vin eller vin frå California.

Attpåtil har Robert Parker gjort sitt for å bemerke USA med sitt 100-poeng-system for korleis ein oppfattar kvalitet gjennom tal.

For nesten ti år sidan reiste eg tøff i trynet til USA med klump i magen. Eitt år som utvekslingsstudent i innlandet på ein større gard med 800 kyr. Passe nøgd med amerikanarane, deira kultur, fordommar og motseiande haldningar resulterte i at det gjekk nokre år før eg kom tilbake igjen etter endt opphald.

Ein ting er sikkert, vestkysten var langt betre enn innlandet. Folk frå heile verda bur og jobbar i San Franciscoa med nyskapande idear. Haldningane deira er meir som mine og dine, og kulturen er meir nærliggande den skandinaviske.

Det var godt å vere tilbake i USA, og det skal ikkje gå ti år til neste gong. Enn så lenge kan vi alle nyte ein smakebit frå USA blant dei mange gode utvala på Vinmonopolet.