But wait, there's more!!

But wait, there's more!!

Det er helg. Sjølv om ein kjem rett frå ferie, er det noko heilagt med dei to siste dagane av veka.

Så kva med litt inspirasjon på ein fredag? Eg kom over ei kjekke oppskrifta til Maj-Britt i ferien, sashimi av kamskjel med spekeskinkechips og pepperrotkrem. Kombinasjonen av sashimi av kamskjel med Soalheira Vinho Verde Alvarinho 2015 i glaset var slett ikkje verst.

I 2016 haldt eg ei rekke kurs; vin og mat, saman med kokken Anders Aarskog Nesse (Aarskogs). Han hadde læretida på Bagatelle i Oslo og i Normandie Frankrike på Restauranten La Goniviere og Hotel Toqueville. Aarskog har jobba som kokk på MS Jupiter, Escalon og Bien Bar i ei årrekkje, og har også vore kjøkensjef på Akvariet i Bergen. Dei seinare åra har det berre vorte catering og andre oppdrag på si, men han har altså ikkje lagt kokkekunsten heilt på hylla. Gleda for mat har han så absolutt halde ved like.

Anders vert også med meg på laget inn i det nye året. Me kjem til å halde fram med kursaktiviteten, i tillegg til at me har noko nytt på gong med ynskje om å inspirere andre likesinna matglade sjeler der ute. Kvar onsdag vil Aarskog dele ein rett som eg set vin til. Me håpar dette fell i smak, og tek veldig gjerne imot innspel.

Så kvifor mat? For min del starta det heile i barndommen der mat stod sentralt. Av besta lærte eg at der det er hjarterom er det husrom. Alle magar skal mettast og husmannskost skal ikkje undervurderast. Morfar dyrka urter, grønsaker og frukt i hagen, og var ein kløppar på kjøkkenet. Gleda hans for matlaging smitta og gav måltid ei heilt ny betyding. I seinare år har onkel Joar introdusert meg til vinens verden. Med masse kunnskap og reising har samtalen aldri gått i stå - og det har heller aldri vore mangel på vinar å smaka.

Når det gjeld mat og vin, vil eg i tillegg gi Tango Restaurant i Stavanger mykje av æra for mi interesse for faget. Eksepsjonelt dyktige kollegaer på kjøkkenet og i salen løfta nysgjerrigheita til nye høgder. Der blomstra interessa mi for råvarene, deira eigenskapar og evna til å heve eit måltid med enkle (og ikkje fullt så enkle) grep. Det var rett og slett kult! Kult er det også kor ulikt eit måltid kan opplevast alt etter kva ein har i glaset. Det å lukkast med den kombinasjonen er inga sjølvfølge, men oddsa er betre med god kunnskap.

Mat er faktisk drivstoffet vårt og spelar ei sentral rolle for det sosiale, om du ikkje har tenkt på det. Etter eit år som utvekslingsstudent i USA fekk eg oppleve at dette ikkje var ein sjølvfølgje. Mange familiar hadde gjerne ikkje middagsbordet som ein naturleg samlingsplass, og mykje av den gode samtalen familiemedlemma imellom gjekk difor tapt.

Eg vil anbefale deg til å lage skikkeleg måltid og bruke tida godt med dei rundt deg, og kanskje kan onsdagsoppskriftene frå Anders og meg vere ein god start? På onsdag er vi i gang på Druefin.