Burgundslepp = galskap?

Kva skulle du ha vore på jakt etter, for at det skulle vera verdt å trossa ver og vind og ligga ute og sova i kø?

Burgundsleppet for 2017 går av stabelen på torsdag 2.februar. Det er kampen om dei beste, edle dråpane frå det mest ettertrakta vinområdet,- Burgund.

I år vil ein finna 507 ulike burgunderar i hyllene på polet. Det er med andre ord mykje å velgje mellom, enten ein vel å gå for vinar i 200 kronersklassen, eller ynskjer å slå til med ein av toppvinane til nesten 38 000kr.

Polets burgunderslepp får vininteresserte menn og kvinner til å gå løpsk og miste alle hemningar. Kjærleiken, entusiasmen og beundringa for akkurat desse dråpane vekkjer  lyster som er vanskeleg å kontrollere.

Kan du kjenne deg att? Eller er du heller innan kategorien som blir oppgitt av alt hysteriet?

For den ikkje-interesserte er det vanskeleg å forstå lidenskapen og galskapen. Det er tross alt berre vin, for dei fleste, og det kan vera vanskeleg å forstå korleis ”berre” vin kan vera verdt ei heil månadslønn. Likevel, me prioriterer så ulikt, og der nokre ynskjer å unne seg ekstra luksus, vel andre å spare inn. Eg har ingen intensjon om å endre synspunktet ditt enten du er er ein av dei som meiner det er bortkasta, eller du akkurat no sit i kø på ei feltseng.

 Sanninga er at eg er grøn av misunning. Om saldoen hadde vore i min favør hadde eg ikkje dvelt eit sekund før innkjøpet av ei feltseng og nødvendige proviantar var unnagjort. Berre tanken på, og undringa over kva  dei gjevaste flaskene har å by på, får heile kroppen til å reagere.

Om ein først vert introdusert for eit par av dei mange godbitane frå Burgund, er det lett å bli hekta.

I årets slepp, er det primært 2014-årgangen som står i fokus. Samanlikna med tidelegare slepp er handelen ikkje billigare, snarare tvert imot. Bakgrunnen for den auka prisen er låge avlingar, enorm etterspørsel, og at det rett og slett er ein god årgang, spesielt for dei kvite. I tillegg er det fleire av dei store produsentane som ikkje stiller på sleppet i år, og dette aukar trykket mot dei andre ytterlegare.

Dei låge avlingane kjem delvis som eit resultat av både haglstorm og asiatiske fruktfluger. Heldigvis var druene på tidspunktet av haglstormen framleis harde, og kvaliteten var difor ikkje forringa, sjølv om avlingane vart reduserte. Dei asiatiske fruktflugene var eit problem fleire stader i Europa, også i Burgund førte dette til ei ytterlegare reduksjon av avlingane.

Det seiast at kvitvinane står fram som flotte, med klassisk god fedme, er opne og delikate. Samanlikna dei raude med gode årgangar har dei mindre fylde, men at dei fortsatt framstår flotte.

Om du no planlegg eit par dagar i kø, drøymer deg vekk med tanken på dei edle vinane eller forkastar heile sleppet,- ha ei fin veke. Eg snik meg vertfall ein tur bort etter at toppvinane har forsvunne frå hyllene og finner nokre av dei andre godbitane.