Bringbærsaft

Ekte varer smakar utan tvil best. Her har nok Lerum heilt rett.

Butikkane er fylte med alternativ på drikkefronten, men kva angår reine og velsmakande produkt er det ikkje alltid like lett å finne det ein leitar etter. Heime på Leikanger skulle det høgaste fjellet, Kjeringi,  bestigast. Turen opp er verken spesielt tidkrevjande eller farleg, men det er høgst nødvendig med ein matbit og litt drikke på vegen opp.

På toppen nyt ein utsikta med fjell og fjord i nydeleg harmoni, og dette er det lite som kan måle seg med..

For å få i seg nok næring i væskeform på turen kan ein finne utallege alternativ på butikken, men om det i tillegg skal smake godt er det få som kan konkurrere med bringbærsafta til Urnes Gard.

Sjølv om den ikkje er fylt med protein, alt det gode ulike styrkedrikker får til, gir den ekte næring og vitaminer frå bringbær og smakar heilt magisk.

Dei edle dråpane på dei fine små glasflaskene minnar meg om den reine, ekte og smaksrike safta morfaren min laga heile året rundt.

Ute i rå norsk natur, kva passar vel då betre enn ekte og reine produkt frå naturen sjølv?

Kaldtbakk-b-1024x685.jpg