Vin, MatAnniken England

Brasserie de Sulauze – Blonde

Vin, MatAnniken England
Brasserie de Sulauze – Blonde

Domaine de Sulauze ser nytten i å bruke eiga råstoff, og dei har derfor starta bryggeri; Brasserie de Sulauze. Eit lyst, aromatisk øl med flott fylde.

- Innlegget er sponsa –

Bryggeriet lagar no sertifisert økologisk øl på eigenprodusert korn og malt. Hovudgrunnen for produksjon for bryggeriet er å nytte råstoff som dei har. Alt av øl som vert produsert er undergjæra, lang løpetid, ufiltrert og upasturisert.

Eg smakte deira Blond som var aromatisk med flott konsentrasjon. Ølet er tiltalande og passar til den som ønskjer eit godt øl både å drikke aleine og til mat. Målet deira er å kunne tilby fleire typar i framtida, deriblant øl til sesongen. Dette kan bli svært spanande. Etter at interessa innan øl auka i Noreg, vil eg anbefale å smake dette.

Sjå nærmare på heimesida deira for meir informasjon: http://www.brasseriedesulauze.com/

Smaksnotat

Utsjånad: Lys, tåkete. Tyder på at det er ufiltrert. Nase: Gult strå, sitrus med ein subtilt lukt av bringbær. Smak: Flott smaksbilete med tonar av humle som ein blond-ale skal ha. Pris: 45,90