BOOOM!!

Nettkurset ”Det DU treng å vite om VIN” er endeleg i gang. 

Etter to år i tenkeboksen og vel to månader med lange dagar og netter med jobbing, står kurset klart. Eg er så nøgd!

Hurra!

Antalet som har vist interesse, og ikkje minst alle som har valt å bli med gir motivasjon og er moro. Vi står framfor fire innhaldsrike, informative og inspirerande veker. Eg har så mykje bra innhald å gi til akkurat deg.

Fekk du ikkje meldt deg på i tide?

Eg har ikkje sett noko dato for neste lansering, men med den interessa som no er vil det bli ei ny lansering snart. For å sikre deg plass på neste kurs, besøk sida mi og skriv deg opp på ventelista. Då vil du motta ein mail så snart kurset vert lansert på nytt.

Enn så lenge ventar meir artiklar, oppskrifter og innspel frå det som opptek meg.

Om det er noko som manglar eller noko du vil vite meir om, send meg gjerne ein mail.

I dag skal eg feire med å smake noko skikkeleg godt.

Ha ein strålande onsdag!