Boeuf Bourguignon

Kva med ei gryte som gir masse smak? Den er enkel å tilbereie, og genial om du skal ha fleire til middag.

Attpåtil kan ein like godt ete den dagen-der-på,- då er den nesten betre.

Smak til med ei god flaske vin, eg har lagt ved mi anbefaling.

Ingrediensar til 6-8 personar: 

  • 1,6 kg storfekjøt, gjerne høgrygg, i terningar
  • 1 fedd kvitløk finhakka
  • 2 ss Provencekrydder
  • ca. 150 g tomatpuré
  • 1 boks Jacobs oksekraft
  • 1 laurbærblad
  • ca. 4,5 dl vatn
  • ½ flakse raudvin, gjerne ein saftig og enkel vin
  • 15-20 sjalottløk, heile eller del dei i to
  • 5 gulrøter, gjerne i stavar
  • 1 sellerirot, gjerne i stavar
  • 200 g sprøstekt bacon, i bitar
  • 4-6 store soppar
  • nykverna svart pepar
  • salt
  • finhakka persille
  • poteter, ønska mengde
  • fløyte
  • smør

Framgangsmåte: 

Av storfekjøt er det fleire deler av dyret som kan brukast, men eg føretrekk gjerne høgrygg som egnar seg godt til koking. Legg gjerne kjøtet på benken før du byrjar slik at det held romtemperatur. Del kjøtet i like store bitar.

Brun kjøtbitane raskt i smør, gjerne med små porsjonar av gongen. Når du har steikt alt kjøtet, legg du det over i gryta du skal tilbereie retten i.

Deretter tilset du sjalottløk, kvitløk, pepar, laurbærblad, Provencekrydder, tomatpuré, vin, vatn og kraft. Det er ikkje alltid ein har kjøtkraft på lur, men då kan du heller bruke kjøtbuljong eller oksefond.

Kok forsiktig opp og la så stå i ca. ein time under lokk.

Potetpuré smakar ypparleg til, og den kan du lage medan du ventar på at gryta blir ferdig.

Kok opp ønska mengde poteter. Når potetene er ferdig kokte, hell ut vatnet og ha i smør, før du mosar det heile saman. Ha i litt fløyte, smak til med pepar og salt.

Når kjøtet har kokt i ca. 45 minuttar tilset du grønsakene og let dei bli møre, det tek omtrent 20 minuttar.

Like før servering tilset du bacon og sopp.

Smak til med salt, pepar og Provencekrydder.

Så kva drikk ein til ei så klassisk, rein og smaksfull gryte? Eg har prøvd mykje forskjellig, men vender stadig tilbake til ein raud Burgund.

Vin laga på drua pinot noir frå Burgund gir aroma av raude bær, fjøs og tre. Du kan gjerne oppfatte den som slank, om ein samanlikna den med vin frå varmare område som gir kraftige vinar, men om du kjenner godt etter vil du oppdage den flotte frukta, elegante stilen og dei flotte tanninane.

Gryter basert på tomat (med lite chili) passar ein raud burgundar ypparleg.

Denne gong vil eg anbefale deg Faiveley Mercurey 2014 (varenr. 677501) til 218 kr.

BB1-683x1024.jpg