Blindsmaking

I Noreg er vi svært heldig som har mange kanalar som kan formidle og by på deilege vinar.

Personar som arbeider i vinbransjen arbeidar iherdig for å finne skjulte perler, og berike livet vårt med eit variert utval. Fokuset til Vinmonopolet gir oss moglegheita til å få auga opp for dei mange variantane vi står ovanfor.

410602044_af31b5bf5d_b.jpg

Eit utval som representera blant anna vinar frå den nye verda, øygruppane, oversjøiske og så mykje meir. I tillegg står dei kunnskapsrike ekspeditørar som har smakt, og innhente masse informasjon bak dei mange produsentane som ein kan lære så mangt av.

I travle periodar er det enda viktigare å finne roen ved enden av dagen. Eg nyttar sjølvsagt anledninga til å opne ei flaske vin. Glaset gir meg eit hav av livsnødvendige ”vitaminar”. Dagens gjeremål er gjennomført, og eg kan leggje vekk dei travle stundene og nyte eit betre glas. Vel du helst vin frå dei klassiske områda eller likar du å prøve deg på vin frå den nye verda?

Ein artig anekdote: I 1976 vart det arrangert ein blindsmaking i Paris mellom dei beste californiske og franske vinane. Vinane vart smakt og analysert av profesjonelle franske vinsmakarar. Resultatet vart lagt fram, men til stor overrasking gjekk sigeren til California. Av dei raude gjekk blant anna Stag´s Leap Cabernet Sauvignon 1973 til topps framfor fleire kjende produsentar. Det førte til at Château Mounton-Rothschild, Château Montrose og Château Haut-Brion frå årgangen 1970 måtte nøye seg med plasseringa lengre bak. Arrangementet skapte oppmerksamheit og sat lys på områder utanfor Europa. California fekk endeleg stå i søkjelyset og bli anerkjent som eit kvalitetsprodukt.

3335072656_8df616a5c0_b.jpg

Det er inga hemmelegheit at produsentar utanfor Europa produsera fantastiske vinar, men behovet etter blindsmakingar som desse er nødvendige. Land i heile verda oppnår meir kunnskap, besøkjer erfarne produsentar og prøver seg på dei mange klassiske druetypane. Klassiske druetypar frå Europa vert plassert over heile verda der dei kan vise seg frå ulike andlete. Vinstilen vil gjerne by på andre aroma enn dei som er å finne i Europa, men det vil likevel ikkje sei at produktet er dårleg, tvert i mot. Vi er forutinntatt når vi smaker på vin, derfor kan blindsmaking vere svært nyttig.

Etter ein lang lesedag venta eit møte med ei venninne. Roen senka seg og tanken på dei mange kunnskapsløfta fekk ikkje lenger hovudfokus. No stod vinen for tur, og sjølvsagt snakkar vi blindsmaking. Sansane går inn i eit nytt modus, og ein vert ekstra skjerpa. Fargen vert observert, nasen gjer seg opp nokre meiningar før munnen set ord på konklusjonen. Det er inga tvil om at nasen gir klare assosiasjonar til Pinot Noir. I munnen er den rik og går i retning mot aroma av bringbær med ei flott syre. Det må vere ein Burgund, men responsen frå venninna mi er tvilande. Om vinen ikkje er frå Burgund, kvar er den frå? Teorien vert kryssjekka med fleire land, men lite sannsynleg ville valet mitt ha hamna på Sonoma Valley i California.

5677844045_3ca04fd954_b.jpg

For korleis skal ein vurdere ein amerikansk Pinot? Skillet er vanskeleg, men nokre punkt kan vi finne. Ein vil truleg sei at dei amerikanske Pinot manglar kompleksiteten, konsentrasjon og den reine karakteren frå markene. Frå bindsmakinga stilte eg spørsmål ved fargen, og nokre nyansane ved smakinga munnen. Det var noko som ikkje heilt stemte, men likevel var vinen godt laga. Vi skulle ikkje til Burgund, men kvar skulle vi? Truleg vil ei samanlikning med Pinot frå den nye verda vere meir gunstig, og gi eit breiare spekter ved forståinga av variasjonane som er å finne for ein Pinot. Generelt kan ein sei at ein amerikanske Pinot er rike på smak, gjerne mot varmare nyansar med krydder. Ein anna fordel med amerikansk Pinot er at prisen er meir gunstig enn ved Pinot frå Burgund.

Ein amerikansk hemmelegheit kom oss i glede denne kvelden. Produsenten Kutch held til i området Sonoma Coast i USA ikkje langt frå Stillehavet. Årgangen var 2012 og det er inga spørsmål om at produsenten kan å lage ekte godsaker. Ein kombinasjon av utval og eit rikare sinn fører oss i retning av eit større spekter av vinreferansar. På heimesida til Kutch står det skrive eit klokt, og livsnødvendig sitat, som eg vil tru alle kan sei seg einig i.

”Wine is constant proof that God loves us wants us to be happy”

-Benjamin Franklin (Det er usikker om han er mannen bak sitate, men det er uansett bra sagt/skrive).

Vinen av Kutch var konsentrert og rik på aroma. Den deilege aroma av bringbær var svært tiltalande med ei flott syre. Eit godt kjøp og ein vin eg så absolutt vil prøve att.

4320481155_f399f58c69_b.jpg

Smaksnotat:

  • Farge: Djup og tett raudtone med stor kjerne og liten kant.
  • Nase: Open og byr på deilege aroma. Nyansane er intens med aroma av mykje jordsmonn, fat og raude bær.
  • Smak: Rik, fyldig, fine tanninar og flott syre. Vinen er konsentrert, kompleks og har klare tonar av bringbær.

Kanskje har eg hatt den same oppfatninga som mange andre når det gjeld dyrking av Pinot Noir, i Oregon vil ein finne eit kjøleg klima, medan i California er det varmare. Ein enkel konklusjon vil derfor vere at Oregon er mest egna til å dyrke gode Pinot Noir. Slik er det då ikkje. Til tross for å befinne seg i varme områder er det inga tvil om at dei produsentane frå California kan å lage god vin.

Det er inga hemmelegheit at Europeiske vinar har dominert og representert kvalitetsvinane, men tida er i endring. Dei mange andre produsentane reiser og lærer av sine dyktige konkurrentar, og det gir resultat. Klassiske druetypar vert plassert rundt om i verda, mange ser truleg med skeptiske auger, men sanninga er at utviklinga er interessant. Dei mange produsentane når stadig nye høgder der resultatet vert stadig betre. Vi er svært heldige som kan glede oss over all denne variasjonen.