Blåskjel og albariño

Blåskjel er som kjent ein slager om sommaren. Det er enkelt, billig og sinnsjukt godt.  

Med ein smak av  hav og eit hint av nøtter,  samt  ein mild bitterheit og ein mjuk, krema konsistens er dette ein av  dei store  sjømatfavorittane. Ein forbind gjerne  blåskjelmåltidet  med lange sommardagar og strålande ver.

Sanninga er at blåskjel er best om vinteren/våren fordi det iskalde vatnet gjer at algane forsvinn og gir eit betre levevilkår for sjøen. For å gjere seg klare til gytinga om våren legg blåskjela og rekene seg opp eit energilager, og veks seg soleis kjøtfulle og smaksrike.

Blåskjela finn ein heilt frå Middelhavet i sør til Arktis i nord. Dei  finnast hovudsakleg i tidevatnsona, der dei festar seg til stein og anna fast underlag ved hjelp av sine elastiske og sterke bysusstrådar. Skjela er svært tilpassingsdyktige og kan overleva fleire timar i både sterk varme, frost og tørke.

Dei kan bli opp til 15 centimeter, og tek til seg planteplankton ved å filtrera sjøvatn. Alle partiklar mindre enn 0,5 millimeter vert tekne opp, og blåskjela er soleis med på å reinsa sjøvatnet.

Når ein skal nytte seg av blåskjel må ein fyrst av alt kontrollere at dei ikkje er dårlege. Legg då blåskjella i ein bolle med kaldt vatn, og kast alle som ikkje lukkar seg. Kast også alle som har eit snev av knust skjel.

Å lage blåskjel til middag er ikkje vanskeleg og slett ikkje tidkrevjande, og ein har eit hav av moglegheiter.

Eg vil dele ein av mine blåskjelfavorittar med anbefalt vin til:

Kvitvinsdampa blåskjel

Bruk gjerne løk, kvitløk, chili, tomat og frisk korriander til. La løken surre i panna til den er gyllen, ha i kvitvin og gi det eit lite oppkok. Til eitt nett med blåskjel treng ein litt over ein desiliter med kvitvin. Kvitvinen treng ikkje vere avansert, men det er viktig at den er tørr og frisk. Skjela som ikkje opnar seg må du kaste. Like før du serverer retten, ha i tomatane og dryss frisk koriander over.

Den optimale matchen i glaset finn du med ein vin med god syre, friskheit og god frukt. Retten vil variere alt etter kor mykje chili du føretrekk. Ver merksam på at chilien ikkje blir for dominerande, då du heller vil behalde smaken av dei andre råvarene. I tillegg vil meir chili kreve litt meir sødme i vinen. God frukt i vinen vil balansere det sterke, og friskheit og syre balanserer svært godt med blåskjela. Anbefalte vinar:

Gauda Abadía de San Campio Albariño 2014: Kvitvinen laga på 100% Albariño er frå nordvest i Spania, nærmare bestemt Galicia, Rias Baixas. Gode aroma av sitrus, floralske tonar, urt og hint av honning. Flott friskheit som harmonerer med blåskjela og samtidig ei god frukt som handterer chilien.