Betydinga av smak

Kva betyr smak for deg? Og korleis påverkar eit betre måltid dagen din?

Mange ser på mat som ein mellomstasjon der ein må fylle opp magen før ein spring vidare på neste aktivitet. Kanskje vi har noko å lære av matkulturen i Sør-Europa?!

Av våre sansar er syn, hørsel og kjensla dei mest nyttige. Dessverre kan det verke som mange av oss klarar seg utan smak- og luktsansane. Er det slik at vi vil vere likegyldige til behovet etter smaks- og luktesansane? Med handa på hjarta vil eg sei at dei to sistnemnde sansane gir livet ei større meining.

Ein vil finne store kulturforskjellar i Europa, og vi har mykje å lære av dei. Betydinga av eit måltid er godt eksempel. Det er ikkje uvanleg at butikkane vert stengt midt på dagen, restaurantane fyllast opp og eit godt måltid skal nytast i kjekke omgivelsar. I Frankrike består frukosten gjerne av ein baguette og eit kopp kaffe, mens lunsjen er større og blir gjerne samanlikna med middagen i Noreg. Eg elskar franske matvarar og skulle så gjerne anvendt deira matvarnar i min daglege rutine.

Veret og klima gir betre forutsetninga for tilgang til friske grønsaker, og frukt, i store delar av året. Reine, ekte produkt vert ofte foretrekke framfor å lage kremsaus og andre typar tilbehør som kan fjerne hovudråvara si smak. Ein av Noregs fremste kokkar, Eyvind Hellstrøm seier det klokt og kort: ”I all god mat smakar dei enkelte råvare av det dei er” (frå Verdt å vite om vin).

Kvar og ein har ei eiga oppfatning av kva som smakar godt og ikkje. Den personlege oppfatninga av kva som smakar godt er vurdert på bakgrunn av interesse og kor mykje smaksløkane dine har blitt utsett for nye smakar. Det vil derfor vere viktig å orientere seg i verdas smakar som vil vere med å auke identitet og bevisstheit til den som sansar.

Bildet er henta på Flickr og har ei  Creative Commons-lisens
Bildet er henta på Flickr og har ei Creative Commons-lisens

Det er inga hemmelegheit at menneske frå naturen si side likar sødme. Syrleg- eller bitterheit er viktige delar for å auke smaksbilete, den smakssansen må trenast opp og lærast å sette pris på. Etter mykje trening vil ein fyrst sjå samanhengen. Personar som ikkje klarar å venne seg til syrleg- eller bitterheit vil ha eit snevert smaksbilete enn andre som har lært seg å beherske og like dei meir utfordrande smakar.

Det er stadig fleire som lagar ferdigvareprodukt. Enten som tørrvare, eller som ferdig tilberedt der det einaste kriteriet kunden må gjere er å varme opp maten. Før lansering har marknadsansvarlege i dei mange kjedane smakt seg fram til den optimale smaken. Den som er nøytral og kan treffe flest ganar. Resultatet deira er ein sterk fokusering på smaksmesseg rundheit og sødme. Du har gjerne smakt stor skilnad mellom tomatsuppe frå pose og den du lagar sjølv. Er det ei tvil om kva som smakar best? Sjølv om du berre bruker tomat og lite krydder, vil den fortsatt vere ulik den ein kjøper. Dess meir ein lagar mat vil ein innsjå kva krydder, råvarer og andre produkt vil gjere med smaken.

Det er fleire grunnar for endring i matvegen. I løpet av kvardagen stillast det mange krav til kva ein skal oppnå, og få gjort. Det enklast blir gjerne å kutte ned på å lage mat frå botn av, og ta seg tid til å nyte måltidet rundt eit bod. Vi kan sjå ei klar tilflytting til storbyane. Generelt vil ein sjå at folk et kommersielle framstilte produkt utan nemneverdig karakter. Det er snevert for meg å sitte å kritisere, for på nokre områder er eg ikkje betre sjølv, men det er sjølvsagt eit økonomisk perspektiv i det heile.

Likevel vil eg anbefale deg å utforske smak, kombinasjonar, og gjerne utfordre deg sjølv. Det er ikkje noko som er kjekkare enn å få ei ny oppleving og berike smaksbilete. Utan jaget etter å leite fram til å finne sin smaksidentitet vil vi på lang sikt tape mot dei store kommersielle kjedene. Hugs at mat og drikke skal vere fylt med aroma, og by på karakter.

Når eg invitere til større selskap vil det vere svært viktig å bruke så gode råvarer som mogleg. Ved optimal aroma frå den enkelte råvare vil samanhengen med vin nå ein betre kombinasjon.

Smak vil derfor utvide den enkeltes forståing for aroma. Ein artig oversikt vil vere Aromahjulet som eg tidlegare har skrive om. Aromahjulet vil gi ei forståing av dei ulike smakane og korleis ein kan arbeide seg framover for å beskrive det ein smakar. Med ei betre forståing kan ein gjerne sjå forskjellen mellom å smake på ein sitron og bruke den i mat. Sitronen vil derfor smake noko surt aleine, men til mat vil den heve maten. Saman med mat vil ein tone ned det syrlige, slik at ein kan nyttiggjere seg av den behaglege smakseffekten av sitron.

Verda er fylt av smakar, og det er grunn til å prøve seg på alt den har å by på.