Reise, VinAnniken England

Besøke Champagne: CHECK

Reise, VinAnniken England
Besøke Champagne: CHECK

Har ikkje alle ei bucket-liste? Om eg hadde ei er det heilt klart at vinområdet Champagne ville vore eitt av punkta.

For mange er champagne assosiert med bobler, luksus og festlegheiter. Det er vel heller ikkje så rart då området har opparbeida seg eit såpass godt rykte og høg etterspurnad at mange av vinhusa derifrå er verdsleiande bedrifter. Deira overskot og marknadsføring gir også moglegheiter for å sponse viktige arrangement og sentrale menneske.

Majoriteten av menneske er sjeldan opptekne av, eller har kunnskap om korrekt bruk av namnet Champagne. Akkurat no skal eg vere litt vanskeleg, då eg MÅ presisere at det er berre vin frå eit avgrensa område nordvest for Paris som faktisk har lov til å kalle seg champagne.

Det er noko elegant og leikande med namnet champagne. Desto betre er det å få boblene skjenka i glaset, spesielt om dei er vellaga.

Perrier-Jovet-2017-Photo-Svein-Lindin-9339-867x1024.jpg

I mai månad fokuserte eg på musserande vin; der kunne du lese forenkla teori om Champagne, Crémant, Cava og Prosecco. Teorien står svært sentralt på alle område, kva enn du arbeider med, men praksis må også til. Så absolutt!

Vi starta tideleg for å ta fatt på eitt døgn i Champagne tettpakka med praksis. Vår turleiar, Mia, organiserte turen som skulle verta ein tankevekkjar og opne tunnelsynet.

Nokre gonger reagerer kroppen ekstra på hendingar, utan at ein heilt kan forklare kva som skjer.

Akkurat ei kjensle som denne skulle eg igjen få oppleve, på veg til Champagne. Vi kom frå Paris denne onsdagsmorgonen, og med ein tidleg start varierer ein ofte biltida med prat og å dubbe av. Kunsten er å ikkje gape og sleve for mykje.

Når vi nærma oss vinområdet Champagne endra naturen seg frå å vere dyrka mark med korn og grønsaker, til å verte dominert av vinmarker. I det vi køyrde ned mot Épernay vakna kroppen min. Heile kroppen prikka, heilt ut mot fingertuppane, faktisk. Det var akkurat som om kroppen var fylt med bobler som gjekk av ei etter ei. Denne prikkinga var nok rett og slett glede og kjærleik.

Opphaldet var dømt til å bli bra!

Livet mitt er for kort til å ha ei bucket-liste der eg har ei rekke opplevingar og stadar som skal hakast av. Tilfeldigheiter, nysgjerrigheit og eit ope sinn fører ein langt lengre.

Champagne er gjerne haka av på mi imaginære bucket-liste, men det betyr ikkje at eg er ferdig med vinområdet, snarare tvert i mot. Dette var heller ein smakebit som gav ei forståing for kor mykje ein enno ikkje veit eller kjenner til og kor viktig det faktisk er å vere tilstades der det heile starta.

Denne gongen tilbrakte vi litt over eitt døgn i området, noko som var kort og hektisk, men tida vart nytta godt og eg ville aldri ha vore forutan.

Med begrensa tid fekk vi besøke to kjende og store champagnehus der vi fekk ekstremt god oppvartning, smakar og opplevingar – dette vil eg sjølvsgat dele. Følg med uti veka, så kjem det meir.

Perrier-Jovet-2017-Photo-Svein-Lindin-9119-1024x683.jpg