Baskisk vin - Txakoli eller Chacolí

San Sebastian har mangt å by på. I tillegg til eit hav av god mat har dei også frisk, syrerik og perlande vin.

I nesten alle barane som dei serverte pintox stod ein person og skjenka Txakoli. For å gi vinen luft skjenkast den på en armlengdes avstand, men etter eit besøk i vinhuset Talai Berri fekk vi lære kvifor dette er feil.

Ein liten køyretur frå San Sebastian besøkte vi vinprodusenten Talai Berri. Vinmarkane stod i full vekst, og herifrå kunne vi sjå fjell, hav og bølgjene som piska mot standa. Dei små smakfulle druene var klare for innhausting og årets vin skulle innan kort tid vere klar for konsum.

141018-539-1024x680.jpg

Vi besøkte ein av dei leiande produsentane innan Txakoli, Talai Berri. Med sine to døtrer, går familien inn i den 5.generasjonen med vinproduksjon. På 12 hektar sat dei i fjor igjen med 90 000 flasker. Årets produksjon såg kritisk ut i sommar ettersom dei hadde svært dårleg ver, men hausten har vore betydeleg betre kan dottera, som er utdanna ønolog fortelje. Ho ser positivt på årets produksjon takka vere veret den siste tida.

Txakoli er i hovudsak eit produkt i den Baskiske delen av Spania. Dei tre viktigaste landsbyane for produksjon er Getaria, Zarautz og Aya. Produsenten vi besøkte holdt til i Zarautz. Den perlande kvite Txakoli vert produsert på den uvanlege drua Hondarribi Zuri og ein mindre andel vert produsert med raud Txakoli på drua Hondarribi Beltza. Vinen vert kjenneteikna for å vere syrerik med lav alkohol. Sjølv om vinen er lett å finne i området rundt San Sebastian, kan det være vanskelig å oppdrive i resten av Spania.

Innhaustinga var i gong då vi var på besøk. Oppe i vinmarka kunne vi sjå korger som var fylt med friske, syrlige og aromatiske små druer. Før druene vart sendt til produksjon, vart ein ny seleksjon gjort. Maskinene pressa forsiktig alle druene, utanom 5% som blir sendt til Rioja til produksjon av Grappa. Under produksjonen har dei inga malolaktisk gjæring, vinen skal vere frisk og ha den syra som naturen gir den.

141018-5661-1024x680.jpg

Hovudeksporten deira går til USA, spesielt California og New York, samt Japan, Tyskland, men generelt ser dei på Europa som eit vanskeleg marknad. Den eine dottera kunne fortelje at det truleg er kunnskapen som manglar, og derfor er marknaden i Europa begrensa. I USA er det mykje lettare å selje. Generelt har dei eit fleirkulturelt samfunn, som gjerne byr på mat frå Baskerland og ser behovet etter deira enkle, men friske og syrefriske vin.

Familien hadde eit mål om ein produksjonskapasitet før dei bygde ut, eit ønske om ein storleik på hundre tusen liter per år. Hovudmålet var å oppnå kvalitet i produksjon framfor kvantitet. Filosofien på vingarden sa at det er veldig viktig å overvake og kontrollere produksjonen til siste detalj.

Drifta er familiestyrt der den eine er bedriftsøkonom, medan dei to andre er ønologar. I sjølve produksjonen har dei ein som driv med landbruksteknikk, medan to andre er leigd inn for vindyrkinga, og ved sjølve innhaustinga har dei mange fleire med.

Dottera kan fortelje om ønske av små bestillingar. Vinen vil ho så gjerne servere frisk og ung, den ønskjer å ha minst mogleg tid frå tapping til konsum.

Med stor spenning og nysgjerrigheit tiltalte den Baskiske vinen meg for eit par glas. Til mat er den leskande og er svært trygg å kombinere med dei fleste matrettar. Eit lite show kom til då dei skulle helle vinen frå flaske til glaset, men hjå vinprodusenten stod det klart og tydeleg på flaska at ein skal servere vinen med 10 cm avstand og i eit vanleg vinglas. Vinen mistar aroma og der perlande effekten.

141018-574-1024x680.jpg

Smaksnotat:

Talai Berri White Txakoli Vinen er laga på Hondarribi Zuri (90%) og Hondarribi Beltza (10%) Små bobler, syrerik med ei moderat innhald av alkohol, er dette ein vin som er laga for konsum. Aroma fyller munnen med grønegule eple, sitrus og hint av eplekjerne.

Eit svært spennande besøk. Til deg som er interessert i vin vil Txakoli vere ein ny frisk oppleving. For min del var det nytt, men svært interessant.