Balholm cider

Langs Sognefjorden finn ein ei rekke perler. Eg er vel ikkje heilt objektiv i den saka, men på ein vakker soldag er du nok heilt einig med meg likevel.

Du kjenner kanskje til Balestrand som den vesle bygda midt i Sognefjorden, der turistane strøymer til frå fjern og nær for å sjå på Kviknes Hotel og dei andre vakre trehusa? Bygda har derimot meir enn berre smakfull stil å by på, med Balholm som kroneksempel. Over det ganske land har nordmenn trykt deira ekte, smaksrike og aromatisk eplemost til sitt bryst.

Balholm har no i tillegg byrja med seks ulike typar cider. Tilfeldigvis kom eg over ein av desse til desserten på Restaurant Astral i Oslo. noko som var ekstra kjekt ettersom det er produkt frå heimlege trakter.

Balholm økologisk cider (varenummer 2109602) som ein klassisk engelsk cider laga på cider- og desserteple.

Sjå cideren som har ein guloransje farge. På nasen er den svært aromatisk med litt krydder, eple og sitrus. I munnen er den krema med friskt innslag av eple og urt, med god lengde og bitter ettersmak.

Drikke åleine eller til mat? Begge deler fungerer godt, men cideren kom utan tvil betre fram med epledesserten ”kald eplecoulis, salt karamellsaus og krokan”.

Gi ikkje opp cideren sjølv om dei som er å finne på butikken er søte og gjerne vel syntetiske i smaken, det finst gode alternativ, og cideren til Balholm er så absolutt eitt av dei.