Aromahjulet

Eg veit kva det luktar, men eg klarar ikkje å sette ord på det.

Ja, det skjer med dei fleste. Kvar dag omgår vi oss med kjende og ukjende luktar. Hjernen vår er selektiv, og veit når det er nye luktar rundt oss. Han vil analysere lukta og systematisere den. Unikt! I byrjinga kan det vere svært vanskeleg å skilje aromane i vin, spesielt for raudvin.

Ei hjelpande hand vil vere å bruke aromahjulet. Aromahjulet er konstruert av professor Ann C. Noble. Noble held til ved Viticulture and Enology, University of California ved byrjinga av 19800-talet. Hjulet vart konstruert til dei som ønska seg eit betre vokabular innan fagområde vin.

Hjulet er delt inn i tre steg. Steg 1 skal føre deg inn på rett kategori. Aroma av frukt, jord, kjemikalar, blomar, krydder osv, kan ein kjenne att i vinen. Det er mest vanlege å kjenne fleire aroma, derfor er det enda viktigare å vere meir konkret i sin beskriving. Steg 2 vil ulike alternativ for til dømes kategorien frukt. Kjenner du bær, citus, tropisk frukt, tørr frukt osv? Det er vanskeleg å sette fingeren på akkurat kva ein kjenner att, men ved hjelp av inndelinga vil det gi deg ei peikepinne. Steg 3 spør ein kva for type bær kjenner ein? Solbær, bjørnebær, bringbær osv? Og så kunne ein beskrive og ordleggje seg meir konkret og presist!

Sjølv dei flinkaste vinsmakarane vert aldri utlært. Dei må øve, øve, øve og øve! Kunsten å kjenne att kva ein luktar og smakar er inga rein magi. Kvart individ har si oppfatning av lukt, derfor er det spesielt viktig å lære seg kva den allmenne oppfatninga er. Altså faguttrykka. Innan alle fagområde er fagspråket eit enormt viktig verktøy.

Personlege beskrivingar vil sjølvsagt vere til hjelp. Om ein ønskjer ein god dialog der begge partane skal snakke same språk kan aromahjulet vere til stor nytte!

Aromahjulet er ein artig sak, prøv gjerne sjølv – det er kjekt!

2235-12658795581Jny-1024x1024.jpg