Årets fyrste julemiddag

Endeleg er tida inne for å invitere til julemiddag.

Ved hjelp av oppskrifter, videoar kom også eg i mål. Kloke ord frå heile Noregs matmor Ingrid Espelid, går alt når ein kan ”jukse litt”. Her kjem eit kort referat frå meg.

Ved årets fyrste julemiddag stod svineribbe og pinnekjøt på menyen. Det var duka for ein tradisjonsrik oppleving og sjølvsagt mykje godt i glaset. Det er alltid moro å handle inn vin på polet til eit måltid, om ein er vågal kan ein gjerne prøve noko nytt.

459056325_40c199e2a1_b.jpg

Siste innlegg la eg vekt på utfordringane ein står ovanfor ved val av drikke til julematen. Med råd og tips er det ingenting som tilseier at kombinasjonen mellom mat og drikke skal gå galt.

Julemiddagen høyrer desember til, og det er viktig å halde på tradisjonen. Eg kjenner til julekvelden der både svineribba og pinnekjøtet var på bordet. Tilbehøret bestod derfor av sur- og raudkål, poteter, kålrotstappe, brun saus og ei svineribbe som har kost seg saman med sviske og eple i omnen. Andre vil kanskje ha sylteagurk, dijonsennep og tyttebærsyltetøy til. For kombinasjonen av tilbehøyra ovanfor vil ein søkje etter ein vin som har syre og sødmefull frukt. Ved å ta utgangspunkt i ribba vil eg leite etter ein vin som har syre og moderat innhald av tannin, dersom valet hamnar på ein raudvin.

Eg likar å ha ein tanke om at julemiddagen lagar seg sjølv, noko den gjer, men ein skal likevel legge alt til rette. Allereie dagen før startar tilrettelegging for måltidet. Pinnekjøtet skal leggast i vatn og rikeleg med salt og pepar skal på svineribba. På formiddagen av kveldens store selskap, byrjar eg å skrelle rotgrønsakene. Noko urutinert kom eg i gang ein time seinare enn fyrst planlagt, noko som utsette middagen. Gjestene fekk derfor noko i glaset, og samtalen kom godt i gang. Eit viktig utrykk kom til tale som alle burde hugse; ”det er gjestene som skal vente på maten, ikkje omvendt”.

Langt om lenge var maten klar. Bordet var dekka med enkel pynt som bestod av masse lys. Det vart eit herremåltid, god drikke og godt selskap – akkurat slik det skal vere!

1749469142_a99642e0af_b.jpg

Kva drakk eg?

  • Grémillet Brut Selection – Ein flott Champagne som eg fyrst vart kjend med i Stavanger på Tango Restaurante. Det gledar meg stort å byrje med bobler, og dette er er utan tvil eit svært godt alternativ. Innhaldet byr på både grøne eple, blomar, sitrus og hint av kjeks. Med ein blend på 70% Pinot Noir og 30% Chardonnay er det ein veldig anvendeleg forfriskande sak aleine og til mat.
  • Delorme Crémant de Bourgogne Blanc de Noirs Brut 2012 – Frankrike kan utan tvil vere stolte av musserande vinane frå Champagne, men det betyr ikkje at produsentar utanfor Champagne ikkje klarar det same. Denne Crémant er laga på 100% Pinot Noir som byr på herlige aroma av friske eple, sitrus, men i tillegg kjem det raude bær inn i bilete og noko som kan minne om kjeks. Eit godt val til anledninga.
  • Wittmann Riesling trocken 2013 – Min elskverdige Riesling, den unike drua som gjer underverka til så mangt. Vinen er både frisk og fyldig og går mot kategorien halvtørr. Sjølv om ein gjerne vil kategorisere vinen som ung og slank, har den mange aroma å by på, blomar, sitrus og eple av ulike slag. Dette er ein vin som passar til både ribbe og pinnekjøt og på grunn av sødmen vil den passe godt til røykt pinnekjøt.
  • Turckheim Pinot Gris Réserve 2013 – Vinen byr på god fylde og friskheit. Samanlikna med Rieslingen av Wittmann kan Pinot Gris av Turckheim verke hakket meir sødmefull. Aroma går i retning mot blomar, gule eple, krydder og sitrus i avslutninga. Alsace har enormt mykje godt av vin å by på, dette er berre ein av dei.
  • Cantarini Barbera d`Alba 2012 – Barbera er kjenneteikna for å vere Nord-Italias tanninfattige og syrlige drue. Etter mine kriteria er det eit godt val. I munnen er vinen kort, men den byr på gode aroma av mørke bær, varmare tonar som går mot morelle og krydder i retning mot tre.

Årets fyrste julemiddag kom i mål, og det viste seg for å vere vellykka. Vala av vin er truleg klassiske, men gode er dei likevel.

Heilt kort vil eg truleg halde meg til musserande og kvitvin til pinnekjøtet, mens raudvinen kjem kanskje på bordet til svineribba. Med fortsatt to veker til sjølve julekvelden vil eg glede meg over dilemmaet. Enn så lenge er det berre å kose seg med eit godt glas medan julekort, pakkar og andre gjeremål vert gjort unna i kveldstimane.

5293830733_2d740856d0_o-e1418942708281-682x1024.jpg