André Ostertag

Bak dei svarte brillene blir eg møtt av eit fast blikk. Den dyktige vinbonden frå Alsace er ein fryd å sjå.

Stadig på leit etter det perfekte resultatet, var det med stor begeistring då vinsmakinga i Oslo stod for tur.

I 1960 starta faren domenet. André bestemte seg for å reise til Burgund for å ta ønologiutdanning. I Burgund hadde han eit samarbeid med Dominique Lafon i Meursault. Opphaldet gav lærdom og ønske om å produsere fantastisk vin. Ved retur til Alsace fekk André frie tøyler frå sin far som gav rom til å utvikle si eiga personlegheit innan vinproduksjonen.

I dag vert han gjerne omtalt som ein av pionérane i Alsace. Allereie i 1998 la han om til biodynamisk dyrking. Det inneberer nulltoleranse med tanke på bruk av kjemiske plantevernmidlar, insektmidlar og kunstgjødsel. Berre lokal gjærsopp frå dei enkelte vinmarkane vert nytta i produksjonen. Sjølv med stor skepsis blant naboane i starten, har fleire av dei i ettertid følgt i hans fotspor.

Over 13 hektar er Ostertags vinmarkar fordelt i underkant av 80 parseller i landsbyane Epfig, Nothalten, Itterswiller, Ribeauvillé og Albé. Det gir ein produksjon på vel 85-tusen flasker. Han svergar til naturleg gjær og elskar lang gjæring, som gjerne kan vare frå oktober til juni. Vinane hans går alltid gjennomgå malolaktisk gjæring. Det vil sei at den tydlege eplesyra vert omdanna til mjølkesyre. Det krev lavt utbytte for å ikkje forårsake aroma av sur mjølk på nasen. Vinen vil derfor ha ei balanse mellom mineralitet og fylde, framfor syre og sødme som ein gjerne vil finne i Alsace.

Han meinar at sanninga bak vinprodusentane ligg i vinmarka, og ikkje i kjellaren. Dyrkinga har han over tida endra, noko som har resultert i meir sjølvstendige planter. Blada gir lite mot ingen skygge for kvarandre, og veks no slik dei skal.

Nesten heile spekteret av Alsacedruer er å finne i vinmarkane hans: Riesling, Gewurztraminer, Muscat, Pinot Gris, Pinot Blanc, Sylvaner og Pinot Noir. Gjennom åra har han gjort fleire eksperiment som har utviklet seg til å bli hans stil. Med klimaendringane i verden står ein ovanfor fleire utfrodringar. Dei siste åra har bydd på store variasjonar, til dømes 2013 som var kaldt og 2014 som var varmt. Til tross for vanskelegheitane kan Ostertag sjå tilbake på eit svært tilfredstillande resultat frå 2013, som truleg er hans beste årgang.

Det er inga hemmelegheit at Ostertag foretrekker syrlige, klare og mineralske vinar. Kriteriane møter alle punkta i 2013 noko han er svær tilfreds med til tross for det gode året, produserte han 40% mindre vin enn vanleg.

André Ostertag med sine vinar i Oslo.
André Ostertag med sine vinar i Oslo.

Smaksnotat:

Riesling Vignoble d´Epfig 2012 Flott florask tonar, frisk syre og ei sødmefull avslutning.

Fronholz Riesling 2013 Floralsk, frisk syre og mineralsk. Lang og tydeleg mineralitet.

Muenchberg Grand Cru Riesling 2013 Tydeleg mineralitet med hint av floralske tonar. Lang, klar, tørr og svært konsentrert med flott syre. Ei kjekk oppleving.

Pinot Gris Barriques 2012 Fruktigare enn dei fyrste, går i retninga mot tørka frukt og noko som kan minnast om gummi. Balansert med syre, sødme og frisk karakter.

Fronholz Pinot Gris 2013 Fruktig med tonar av fersken og tre. Lang med mineralsk utgang og bra syre.

Fronholz Gewüztraminer Vendange Tardive 2011 Gul frukt i retning mot ananas, aprikos og tørka frukt. Flott balanse med fruktig karakter og sødme. Noko bitter i utgangen.

Kort vil eg konkludere med at Muenchberg Grand Cru Riesling 2013, Pinot Gris Barriques 2012 og Fronholz Gewüztraminer Vendange Tardive 2011 utmerka seg.

Totalt sett ser eg tilbake på ei flott smaking med svært flotte vinar.