Amsterdam, Nederland

Ein smakebit frå ein helgetur.

Amsterdam er ein fantastisk sjarmerande by! Byen kan by på kanalar, verdskjende museum og historiske attraksjon. I tillegg kjem det mange besøkande til Amsterdam for å sjå deira liberale holdning til sex og prøve deira fortryllande saker. Kort sagt: det er byen for alle!

Til mi store lykke var sightsing via sykkel ein ny, effektiv og svært morosamt. Systemet deira er lagt opp til ein enorm sykkelkultur, sjølv om ein må følgje godt med mellom kanalane, små gater og dei som har ein feit joint godt plassert i munnen.

Generelt sett er min attraksjon nummer ein: VINBUTIKKAR. I Amsterdam fant vi fleire. Utanfor den norske landegrense er det meir vanleg å ha bestselgarane på matbutikkar, medan eigne vinbutikkar for dei spesielt interesserte. Innhaldet er ulikt i dei forskjellige vinbutikkane. Nokon av dei kan tilby fleire årgangar og vinar frå fleire vinmarkar, medan andre vil gi eit breiare spekter. Det er butikksjefen sjølv som bestemmer. Den eine karen vi kom i snakk med kombinerte det å vere impotør med vinbutikken.

3389579029_1656ca0989_b.jpg

Kven vil ikkje ha ein liten dråpe av alt som er å finne på den type butikk? Mange varer er kjende saker som til dømes Krug, Dom Perignon, E.Guigal, men også eit mangfald av nye produsentar. Ekspeditørane delar gjerne si historie i kombinasjonen med dei edle dråpane i butikken. Den eine ekspeditrisa delte mykje, noko som er like kjekt kvar gang. Til samanlikning med andre er ein ofte hekta på eit område, drue, produsent, ja alle har sine preferansar og periodar. Ekspeditrisa fortalde varmt om eindruevinane Riesling og Spätburgunder. Klassiske, konsentrerte og smakrike vinar. Riesling er ein kjent og kjekk sak. Det norske marknaden kjenner til riesling som fyllevin eller som eksepsjonelt god vin. Medan Spätburgunder, som den vert kalla i Tyskland, har det siste halvåret funne si plass i hyllene på vinmonopolet.

Smaksrike vinar førte oss vidare på andre råvarer. Jordbruk kan ein finne mykje av i Nederland. Amsterdam atterspeglar jordbruken med dei mange marknadane. Mangfaldet i råvarene er ferske, friske råver og gir befolkninga tilgangen til ei luksus. Tenk på luksusen som å plukke med seg ferske råvarer til middag. Utvalet av stort og variantar innan ulike kategoriane mange. Ein draum tykkjer eg!

Med vin og gode råvarer i korga gjorde vi som dei lokale, besøkte Vondelpark. Vondelpark er ein kjent park som lokkar turistane, men også dei lokale. Vi bestemte oss for å nyte ettermiddagssola med gode råvarer frå marknaden. Ferske brød, dressing, soltørka tomat, oliven, vin og fantastiske ostar. Den himmelske smaken av råvarer som smaker for det dei er. Det rommar heile munnen. Så enkelt, men så fantastisk godt!

2902443392_a1b2821eff_o-1024x680.jpg

Lokal mat var neste steg. Mellom dei mange restaurantane kom vi over ein karakteristisk og lokal restaurant. Lamper i ulike former og fargar, bilete, bord plassert tett. Tradisjonsrik mat går saman med intimitet og ei varm atmosfære. Menyen tilbaud hollandsk tradisjonsrike mat, gjerne omtalt som bondekost. Ein suppe til forrett laga på dagens råvarer baud på erteresuppe. Vidare kom smaksrike kjøtkaker, krydderpølser, brunsaus og smaksrike råvarer. Geitost med nøtter, salat og honning. Maten bestod av mange smakar, kva skal ein drikke? Deira anbefaling falt som ei sjølvfølge på øl. Det var inga dum idé. La Trappe Dubbel Trappist vart kombinasjonens favoritten.

Betydinga bak Trappistøl er at det er brygga av trappistmunkar som haldt til i Nederland og Belgia. Det gir inga klar betyding, utan om at munkane høyrde til trappistordenen. I heile verda kan ein finne 171 trappistkloster, der berre sju av desse brygger øl. Vi kan finne seks av desse i Belgia, medan den siste er å finne i Nederland. Ølet La Trappe Dubbel har ein mørk flott brunfarge med eit delikat skum. Aromane er rik på malt med hint av sødme i form av karamell. Dei smaksrike aroma med rik smak, ikkje for mykje til å overdøve maten, men i same stund handtere krydderet og den karamelliserte susen. Morosamt! Prøv gjerne sjølv til norsk tradisjonsrik mat.

Amsterdam har noko for ein kvar. Hald auga opne, for dei karakteristiske kafeane er sjarmerande og lagar verkeleg godt mar. Ei sann glede for ei helg.