Alta Alella

Om du ynskjer å utvide horisonten din ved eit opphald i Barcelona; leig deg ein bil og køyr ein tur.

Sannheita er at det er ei plage å køyre i Barcelona (spesielt når det kjem til parkering), men så snart du kjem deg utanfor bykjerna kan du puste letta ut og smile. Kystlinja er nydeleg, og få ting slår synet av grøne omgivelsar, frodig vinmarker og sola som spegla seg i havet.

Vi køyrde fyrst til landsbyen Alella som er vel tjue minutt unna Barcelona. Om du er gira på eit vinbesøk (som vi var) held produsenten Alta Alella til her.På besøk hjå Alta Alella

Det er få produsentar som har utvikla seg så raskt til å bli eit prestisjefylt merke der vinane deira er å finne hjå mange flotte restaurantar i landet. Vi snakkar difor ikkje om det sjarmerande paret som har få vinrankar, men ei familiebedrift som veks. Erfaring og kunnskap atterspegle produkta hjå Alta Alella.

Ved eit besøk kan du attpåtil nyte fantastisk utsikt frå eigendommen medan du smaker på vinane og lærer meir om deira produksjon. Det er rett og slett utruleg kva familien har skapt og fått til.

Utsikta frå dei øveste vinrankane.
Utsikta frå dei øveste vinrankane.

Laura Bret er fransk og er no busatt i Barcelona. Tidelegare har ho erfaring frå vinbransjen i blant anna New York og Canada før ho retta nasen mot Europa og flytta til Barcelona for vel tre år sidan. Opprinneleg var planen å delta på innhaustinga hjå produsenten Alta Alella, men ettersom ho treivst så godt hjå dei har ho blitt verande. Vanlegvis skifta ho jobba etter tre år, men denne gongen var det anlesi. Hjå produsenten Alta Alella stortrivst ho. Så, kva gjer opphaldet hjå familiebedrifta så bra?

Saman med to venninner hadde vi satt av ein dag til ulike besøk i vinområdet Cataluña. Det er eigentleg alt for lite, men ettersom Barcelona skulle opplevast vart prioriteringa slik denne gongen. Forventningsfulle starta vi hjå Alta Alella. Ironisk nok møtte eg Laura i Bergen under ei vinsmaking for vel tre veker sidan. Ho stod på stand og representerte husets cava og ein raud dessertvin. Ettersom smakinga i Bergen falt i smak, bestemte vi oss for å besøke Laura på jobb i Alella. Laura stilte difor gladeleg opp der vi fekk sjå heile vingården. Passeleg nervøs i baksete opp bratte skråningar følgte eg nøye med på Laura sin kunnskap og det ho hadde å dele om produksjonen.

Om familiebedrifta

Alta Alella er namnet på familiebedrifta til paret paret Josep Maria Pujol-Busquets og kona hans Christina Guillen. Vingården, Alta Alella, er lokalisert nord for Barcelona mellom byane Tiana og Alella, berre to kilometer frå Middelhave. Familien er lokalisert øverst i landsbyen Alella som er eit av 11 underområde i vinregionen Cataluña.

I 1988 byrja vinprosjektet som i dag omfattar vel 50 hektar med vinmark. Alt i 1991 planta paret dei fyrste vinstokkane. Druer som pansa blanca (xarel-lo), samt eit mangfald av andre druetypar, deriblant mataró som truleg ikkje har blitt dyrka sidan phylloxera epidemien, er å finne. Her vert druene dyrka på Saulo jord som truleg er ein av dei viktigaste elementa for vinen. Jordsmonnet Saulo vert kjenneteikna med at det er sandholdig med eit surt, lavt kalkinnhald, god naturleg drenering og lavt organisk materiale.

Innhaustinga var godt i gong.
Innhaustinga var godt i gong.

Vel ti år seinare stod seks hektar i terraserte vinmark klar til å bære frukt. Det var familiens aller fyrste vin. Per i dag har familien vel 50 hektar som er planta i skråningar og terrasser som ligg mellom 150 og 300 meter over havet. I tillegg har eigendommen vore sertifisert økologisk frå starten der alt av plantevern-, ugras- og insektmidlar ikkje vore nytta.

Med bakgrunn som teknisk direktør i Martini-gruppa sit Josep på ei enorm erfaring og kunnskap. Erfaringa har han opparbeida seg frå ulike regionar i Spania, Frankrike og Italia, difor var det naturleg for familien å busette seg i heimbyen Alella når dei bestemte seg for å starta med sin vinproduksjon.

img_8587
img_8587

Til tross for kunnskap og erfaring stiller produsenten seg alltid spørsmål til vinane. Vinane hans kan alltid bli betre, det er heller eit spørsmål om korleis. Det har resultert i dyrking av fleire druetypar som ein gjerne ikkje assosiere med området. Ingenting er tilfeldig. Kvar enkelt druetype vert planta etter sitt behov; den sørvendte bakken har søte og raude variantar som krev høg grad av modenheit, mens den nordvendte er ideelt for cava og kvitvinar som ynskjer aromatiske og florask vinar.

I tillegg har dei prøvd seg innanfor naturvin, altså ei sunn og god vin utan sulfitt. Nytt i 2015 var ein ny vinmark, Celler de les Aus, som utelukkande vil vere dedikert til å lage naturleg viner i Alella kommunen.

Det skjer nok mykje spanande her framover hjå Alta Alella, så det er all grunn til å følgje med på vinane herifrå.

Smaken av vinane

Alta Alella tilbyr ei rekke strålande cava, i tillegg til sine raude, kvite og rosé vinar. I Noreg kan du finne Alta Alella Bruant Cava Nature på bestilling på vinmonopolet. Den musserande cavaen er laga på 100% av den lokale drua xarel-o som gir modne gule eple på nasen og hint av gjær, og lett syre og tørr moden frukt. Vinen kan nyttast som aperitiff eller kombinerast både med sjømat, ost og skaldyr. I Barcelona derimot vart fleire av deira vinar smakt, deriblant AA Capsigrany 2015 somer laga 100% på drua xarel-lo rosada med tydeleg floralsk nase, raude eple, grapefrukt og med ei flott struktur. Ettersom AA Lanius 2014 er ein av dei mest populære Alta Alella vinane vart med tilbake til Noreg. Den har ei aromatisk nasen med klare tonar av lime og sitron, aprikos, brioche og ei tiltalande mineralitet. I munne har den god syre med ei balansert kropp og ei diskret sødme som truleg kjem frå lagringa på eiken. Kombinasjonen med manchego reserva og ulike spanske skinker haldt vinen takt. Kort oppsummert; vinane er flotte og besøk gjerne vingården, det er verdt det.