Alkoholfritt ?

Alkoholfritt ?

Daff Farris eller ein lunka brus? Nei, takk.

I selskap er det generelt lagt opp til at alle skal nyte alkohol. Personleg føretrekk eg vin, eller eventuelt ein vågal øl til måltidet. Innan begge felta har vi mykje godt å velgje mellom, men det er ikkje alltid det passar seg - så kva med noko alkoholfritt? Finn ein noko meir spanande enn smaklaust vatn, syntetisk brus eller den trauste Munkholmen?

Fortvil ikkje – utvalet av alkoholfrie alternativ har blomstra dei siste åra. Fruktmost, med sitt naturlege innhald av sukker, bitterheit og syre har komme på bana for fullt. Dette kan absolutt vera eit fullverdig alternativ til alkoholfri vin.

Alkoholen i vinen er ikkje i hovudsak der for å gi rus, men for å gi ein balanse med å tilføra sødme, syre og bitterheit. Smakane i maten og i glaset kan framheva kvarandre og gi eit meir komplekst og spanande smaksbilde, som er med på å løfta måltidet til nye høgder. Ved å fjerna alkoholen frå ein vin fjerna ein også sødmen, og resultatet vert ein tynn og slank vin. Ein tilset difor sukker for å løfte ein alkoholfri vin, og dette gir den eit kunstig søtt preg som har lite til felles med vin.

Om du ynskjer eit alkoholfritt alternativ gjeld det å tenke på same måte som om du skulle sett vin til retten. Ein rett du normalt ville kombinert med ein vin laga på rieslingdrua kan du heller kombinera med eplemost. Kvifor? Fordi eplemosten, avhengig av kva eple den består av, har god frukt, syre og sødme.

Tommelfingerregelen: mat som inneheld mykje sødme eller krydder kan du sette saman med søtare drikke, medan feitthaldig mat kombinerast best med syrleg drikke.

I dag er det ikkje manko på alkoholfrie alternativ, snarare tvert imot. Vinmonopolet er ein av mange som har ein god alkoholfri seksjon. Kunnskapen er betre og fokuset er på plass. Difor er det inga grunn for at dei som ynskjer alkoholfrie alternativ ikkje skal få noko godt i glaset, dei òg

Fruktmost, eller andre velsmakande alkoholfrie alternativ, kan ein også likeså godt nyta åleine. I vinterhalvåret er eg så heldig å ha eplemost på dunk frå Sogn.

Bruksområdet er breitt, men ein favoritt er varm eplemost med kaneldryss på toppen. Under teppet kan ein nyte vintermørket medan regnet piskar på ruta, som det så ofte gjer her i Bergen.

Så, ja, velsmakande alkoholfrie alternativ finnast så absolutt!