7 tips for å huse eit stressfritt middagsselskap

7 tips for å huse eit stressfritt middagsselskap

Er du ein av dei som blir stressa av å vere vert eller vertinne? Då er du ikkje åleine.

Det er mange som vert stressa når heimen skal opnast til venner og kjende. Samanliknar vi oss med andre kulturar har eg inntrykk av at vi er meir heime og likar oss best i vårt eige selskap. 

At dette skuldast vêr, vinter og kulde, kan godt hende, men mange er også opptekne av at alt må vere så himla flott. Må det det? 

Huset skal vere ryddig og vaska frå kjellar til loft, i frykt for at ein kan miste fasaden. Er det ikkje kjekkare å gi litt faen og heller le, smile og nyte ein kveld i lag med menneske ein er glad i? 

Ikkje still deg sjølv for høgre krav, senk lista og skuldrane, å vere vert/vertinne skal vere kjekt. Eg har sett saman nokre enkle køyrereglar for at du kan få ei betre oppleving og smile gjennom heile kvelden. 

Stikkordet er planlegging. 

Følg mine enkle tips! 

1. Kor mange skal ein invitere? 

”Der det er hjerterom er det husrom”. Det er heilt opp til deg kor mange du vil invitere og kor intimt du ynskjer at det skal vere. Sjølv tenker eg sjeldan nøye over antalet, men heller kva for type kveld eg ynskje å huse og kva personar eg ynskjer å vere saman med. 

Antalet vil variere alt etter om ein ynskjer å huse ein fest eller ein intim middag. 

 2. Kva for mat og drikke passar til gjestene? 

Inviterer ein fleire vil gjerne små rettar vere passande. Gjerne noko mat som kan serverast kald og nokre rettar som kan serverast varme.  

Er ein færre, eller du ynskjer å slå på stortromma, kan ein lage til middag med fleire rettar. Heller ikkje her treng ein å få stive skuldar og mareritt i førevegen, så lenge planlegginga er god. 

Finn ut kva for type mat du vil servere, til dømes norsk, spansk, asiatisk, vegetar osv. 

3. Planlegg menyen, kjøp inn mat og tilbered så mykje du kan i førevegen

Når du har klekt ut ein plan for kva du ynskjer å servere gjeld det å skrive lister, finne ut kva du har heime og handle inn resten. Det du kan tilberede i førevegen og sette i kjøleskapet er gull. Alt handlar om å tilrettelegge og få unnagjort mest mogleg før sjølve selskapet, slik at du sparar deg for mest mogeleg stress når gjestene er i hus. 

4. Kjøp inn drikke

Nokre føretrekk å bestemme seg for kva ein skal servere i glaset først, for så å sette mat til, medan andre heller tek utgangspunkt i maten. Det er ingenting som er meir rett eller gale, så du må gå for det som er rett i akkurat din situasjon. 

Finn passe mengde som er nok til alle, men heller ikkje for mykje. Set gjerne det som skal serverast kaldt på kjøl og set det ut igjen til temperering før gjestene kjem. 

Musikk-683x1024.jpg

5. Rydd huset dagen før

Heimen din treng ikkje vere strøken, men ryddig er bra. Ryddig heim er uansett kjekt for at du ikkje skal stresse hjernen din eller plage deg sjølv med å komme med unødvendige unnskyldningar til gjestene. 

Om du føretrekk å vaske; slå deg laus, men gjer dette minst ein dag før. 

6. Dekk og dekorer bordet dagen før

Å dekke bordet dagen før gir deg ekstra ro, og også rom til å pimpe opp bordet med ein ekstra dekorasjon eller liknande. Det er ikkje alle som kan ”reservere” middagsbordet, men om du kan, gi deg sjølv dette pusterommet. 

7. Tenk gjennom kvelden, bruk minst mogleg tid på kjøkkenet 

Når dagen endeleg er her har du ein klar plan for kva som må gjerast. Det er lov å sette fram rett antal serveringsfat, og skrive lappar for når dei ulike rettane skal tilberedast. Eg er stor tilhengar av post-it lappar eller generelt sett ein køyreplan, spesielt om det er fleire magar å mette og fleire å underhalde. 

Voila! Du er klar.