Tørr, perlande, RÅ og raud

Tørr, perlande, RÅ og raud

Gira på noko nytt og spanande?

Gjerne raud, rå, tørr vin? Eg har svaret!

Med ingen unntak, eg er alltid lysten på noko nytt og gjerne av den sorten som kan overraske (både negativt og positivt).

Om eg invitera folk vil eg gjerne finne noko som kan auke deira interesse på vin, kvifor? Vin er ikkje berre alkohol og drikke til festlegheiter, men ei spanande fermentert druejuice som byr på ei rekke aroma. I tillegg er det moro å by på noko nytt.

Den perlande vinen til Alexander Pflüger falt verkeleg i smak. Kvifor? I munnen gir vinen ei kjensle av modne raude bær og mineralitet. Ein kan godt drikke vinen utan tilbehør, og gjerne i byrjinga av selskapet.

Du byrjar med å lukte. Her finner ein raude bær, både kirsebær, bringbær og overmodne jordbær. I munnen gir munnkjensla i byrjinga krema, raude, mineralitet, før den fyller munnen med raude bær som gir middel lang aroma.

Produsenten Alexander Pflüger er tredjegenerasjon vinmakar. Det var faren hans som var ein pioner innan økologisk jordbruk på 80-talet og seinare sertifisert frå 1989. Alt i 2007 vart dei sertifisert biodynamisk og tre år seinare tok sonen Alexander over drifta.

Familiebedrifta gjorde ikkje eksport på denne tida, mens i dag eksportera bedrifta i hovudsak til Norge med heile 30 prosent.

Du finner ei rekke gode kvitvinar av produsenten som verkeleg er verdt å prøve, ei oversikt finner du her. Om du har prøvd deg på deira kvitvin vil du forstå kor heldig vi er. Den perlande, raude og tørre vinen er laga på 90 prosent blaufränkisch og 10 prosent merlot.

Som ein kjekk tilleggsinformasjon, det er berre 1500 flasker i Noreg. Eg anbefaler den spanande perlande vinen.

Nyt.