Anniken England

Meksikansk taco

Anniken England
Meksikansk taco

Det er fredag.

Står taco på menyen din også?

For mange har det blitt sjølve svaret på fredag.

I Latin-Amerikansk kultur er taco ein sentral rett. Du finner den rundt på gatehjørnene. Store vedomner vert nytta for å lage lefsene fortløpande. Tilbehøret vil variere alt etter kva land ein er i.

Etter eit opphald i Mexico vart “norsk taco” aldri svaret på ekte taco. Det som er digg med meksikansk taco er bruken av lime, chili og kjøtet.

Med inspirasjon frå Vinmonopolets oppskrift på meksikansk taco vil eg dele den og anbefalt drikke til.

I 6 måneder budde eg i Playa del Carmen.

I 6 måneder budde eg i Playa del Carmen.

Fargeriker gater.

Fargeriker gater.

Oppskriftene er til 4 porsjoner:

Pico de Gallo

Denne salsaen er sterk, syrleg og eit must!

  • 6 modne tomater

  • 1 mellomstor løk

  • 3 grøne chili, for eksempel jalapeño eller serrano

  • 1 bunt koriander

  • 3 ts salt

Del tomatene i små frikanter, tilsett så salt. La det stå til det begynner å boble. I mellomtida finhakker du løk og chili, bland i med tomatene. Press limejuicen over heile blandinga. Avslutt med å finhakk koriander så fint at den slepp oljen. La salsaen stå på bordet i 30 minutt før du serverer den.

(Salsaen står seg i tre dagar i kjøleskapet).

Guacamole

Ingen taco uten guacamole

  • 4 avokadoer

  • 1 ss olivenolje

  • 2 fedd kvitløk

  • 1 ts salt

  • 1 lime

Del avokadoen i to, mos dei i ei skål med ein gaffel. Tilsett olje og hakka kvitløk. Press limejuice og salt, smak til etter ditt ønske. Du kan også tilsette grovhakka tomat, koriander og løk.

Grilla vårløk

Dette er kanskje nytt for deg, men prøv det ut!

  • 1 bunt vårløk

  • 1 fedd kvitløk

  • 1 ss olje

  • 1 ts eddik

  • 2 ts sukker

  • 1 ts salt

Kutt vårløken i tre deler og legg den i ei skål. Hell over marinaden beståande av finhakka kvitløk, eddik, sukker og olje i 1 time. Wok dei og server med ein dash lime.

Tacos al Bistec

Bruk heller eit stykke kjøt enn kjøttdeig.

  • 800 g entrecôte

  • 1 ts salt

  • 1 ts pepar

  • 1 ts malt spisskum

Legg kjøtet på disken ein time før steiking. Gni inn krydderet. Steik kjøtet i ei varm steikepanne på begge sider. Deretter kan du la det kvile.

Tips: Om du ønsker å vere sikker på at du har ein kjernetemperatur på 55-58 grader, legg kjøttet inn i ein forhandsvarm omn på 170 grader. Bruk eit termometer som du stiller inn på 55-58 grader. La kjøtet kvile før du skjærer det opp i strimler.

Voila - du er no klar.

Og kva skal du drikke til? Ja, ein lett og saftig raudvin, gjerne med god syre er skikkeleg godt til. I Mexico gjekk det mest i øl, noko som er kanskje det aller beste alternativet på varme dagar.

For i dag er det kanskje ein musserande vin.

Les meir om min anbefalte pét nat for helga her :)