Anniken England

Vinprodusenten Hirsch

Anniken England
Vinprodusenten Hirsch

Han starta med å ta eit steg i det ukjente.

Med bakgrunn frå moteindustrien, hadde David Hirsch aldri sett for seg sjølv som vinbonde. Under kvar moteveke i Paris, rakk han alltid eit besøk til vinområdet Burgund for å smake på utvalde viner. Interessa for elegant vinar hadde han alltid hatt.

I 1978 kjøpte newyorkeren David ein gamal sauegård nord for San Francisco. Han skjønte raskt at det var dårleg butikk å drive med sauer, og då ein venn oppfordra han til å plante druer gjorde han det. To år etterpå var det fyrste plantene med pinot noir og riesling i jorda. 

Foto: Hirsch Vineyards

Foto: Hirsch Vineyards

I begynnelsen solgte David alle druene sine til andre vinbønder i området. Men det tok ikkje lang tid før ryktet spredde seg for kvaliteten på druene hans imponerte. I 2002 rehabiliterte han det gamle sauefjøset til å bli hans vineri. Det har resultert i ein total produksjon på 5.500 kasser i året. Dei resterande druene sel han til andre vingårder som Littorai, Siduri og Williams Selyem. 

Produsenten Hirsch held til vel tre kilometer frå Stillehavet. Der dyrker han druene sine i skråningene i Sonoma Coast. Vel 450 meter over havet står markene hans. Fyrst då han begynte å plante druer vart han fortalt at hans besteforeldre dreiv også med druedyrking i Romania før dei utvandra til Amerika. 

Foto: Hirsch Vineyards

Foto: Hirsch Vineyards

Etter ei alvorleg traktorulykke for vel fire år sidan, er det dattera hans som har overtatt store deler av styringa av vingården. Heile produksjonen deira har resultert i dei mest reine og elegante pinot- og chardonnay-vinene i USA. Mange påstår også at vinene deira minner meir om burgundere på stil enn kva som er vanleg i Sonoma. 

Under finner du utvalde favorittar du kan teste ut. Variasjonen er stor mellom produsentane og der dei vert produsert, så her er det berre å begynne med ein og fortsette.

Druefins utvalgte:     

  1. Lethbridge Pinot Noir.  Varenr. 10570401.  Smaksnotat: Raud, klar på farge. Svært aromatisk nase med preg av raude bær, drops og urt. Saftig, stram og med flott balanse. Fine tanninar og syre.

    Pris:  319, 90  kr I  Terningkast:  6 I Poeng:  90

  2. Toni Hartl Blaufränkisch Leithaberg.  Varenr.  10601701.  Smaksnotat: Djup, klar og mørk på farge. Svært aromatisk på nasen. Preg av mørk frukt, urt og skogbunn. God lengde, integrerte tanninar og saftig frukt. God konsentrasjon, frukt og syre. 

    Pris:  252,00 kr I Terningkast:  5  I Poeng:  87 

  3. Matthias Gaul Pinot Noir 2017.  Varenr. 10579001.  Smaksnotat:  Klar, raud på farge. Aromatisk nase med preg av raud bær, hint av drops, urt og brent gummi. God lengde, saftig i munn og med bløte tanniner. 
    Pris:  195, 00 kr I Terningkast:  4 I  Poeng:  84 

  4. Byron Kosuge Hirsch Vineyard Sonoma Coast Pinot Noir 2015 Varenr. 10636101.  Smaksnotat:  Raud, klar på farge. Elegant nese med raud kjøleg frukt med hint av tre. God lengde og frukt, fint syre og integrerte tanniner. 

    Pris:  515,40 I Terningkast:  6 I  Poeng:  90

  5. Hirsch Vineyards San Andreas Fault 2016. Varenr. 10277201.  Smaksnotat:  Klar raud på farge. Satige raude bær som både er friske og nokre tørka. Hint av skogbunn, sopp og urt. Bra trøkk i munn, balanse og god syre.

    Pris:  515,40 I Terningkast:  6 I  Poeng:  90

Foto: Hirsch Vineyards

Foto: Hirsch Vineyards