Anniken England

Du er meir enn god nok

Anniken England
Du er meir enn god nok

Kva tenker du om deg sjølv?

Eg ville aldri snakka om min verste fiende slik eg kan snakke om meg sjølv. Har du tenkt på det?

Vi må slutte å bli vår verste fiende og bli vår beste venn.

Vår historie er med på å forme oss til den vi er. Det har gitt oss mønster til å handtere situasjonar, mønster til å framstå slik vi er. Vi har lært og tolka korleis vi skal vere.

I mange tilfeller kan det også sabotere oss. Indirekte kan det vi ha lært eller opplevd gi oss følelsen av å ikkje vere god nok, at vi ikkje strekker til og begrense vårt potensial.

Dei begrensingane påverkar oss. Det er eit mønster som vil stoppe oss langs vegen.

Heldigvis kan vi endre på mønster. Du skal endre på dei, for i deg er det så uendeleg potensial. Du skal begynne med å gi potensialet ditt tru, håp og masse kjærleik.

Start med å bli din aller beste venn!

Øvelse: Gi deg sjølv 2 minutt. Lukke augene. Pust. Ver stolt over den du er. Ta så for deg det du ønsker å oppnå, sjå det for deg og kjenn på følelsen det gir deg.

Gjer denne øvelsen kvar dag til den blir levande for deg. Ta vare på deg sjølv, så kjem du akkurat der du vil.

Du er langt meir enn det du trur om deg sjølv.