Anniken England

Tørr å drøyme

Anniken England
Tørr å drøyme

Det er så enkelt å sei, men vanskeleg å gjennomføre.

Alle har eit (eller fleire) frø i seg. Eit frø som treng rett næring, omsorg og pleie. Frøet vil spire. Det vil vokse, det vil vise sitt potensial i verden.

Du har det i deg du også, men har du tatt vare på det?

Har du tillatt deg sjølv å stoppe opp i 1 minutt for å reflektere kva som er viktig for deg? Har du kjent etter om det du gjer gir deg energi?

Gir du næring til frøet ditt?

Grunnen til at du og eg beundrar alle som tørr å drøyme og leve ut drøymane sine, er fordi dei prioriterar seg sjølv fyrst. Dei stiller seg spørsmålet: KVA VIL EG?

Det handlar ikkje om å revolusjonere verden, men å dyrke frøet i deg. Frøet som vil resultere i at du kan by på ditt fulle potensial.

Alt for mange av oss, inkludert meg sjølv, går på autopilot for å få kvardagen til å gå rundt. Kvifor gjer vi det? Har du tenkt på om du legger til rette for andre sine drøymer eller om det faktisk er dine drøymer du legger til rette for?

Ikkje la frykten ta deg, dine forbilder begynte også med eit steg. Så tok dei neste. Innimellom måtte dei ta eit steg tilbake for å korrigere, men dei gav ikkje opp.

Ver den personen som folk beundrar fordi du tørr å stå opp for det du trur på, ikkje ta eit nei for eit nei.

Det er utallege mange personar der ute eg kan trekke fram som er gode eksempler. I dag vel eg å fortelle deg kort om ein amerikansk vinprodusent. Ikkje fordi at han er den nye Mor Theresa, men fordi han tørte å gå frå eit yrke til eit anna. Attpå til måtte han korrigere underveg og er i dag ein av dei fremste produsentane i USA.

Det blir også sagt at han konkurrerer med dei beste vinprodusentane i Burgund, er du einig?   

Les meir om vinprodusenten Hirsch her.