Anniken England

Sukker i salaten

Anniken England
Sukker i salaten

Sjølv dei mest kresne elska kokkeleringa hans, spesielt salaten.

Det knasa i heile munnen, sukker i salaten var ein klassikar. Heldigvis toppa med fransk vinaigrette. 

Det vart aldri nok. 

Helst skulle det renne over, det var eit eventyr å vere med han på kjøkkenet. 

Maten var alltid balansert. Nesten alltid. 

Hovudretten bestod enten av fisk eller kjøt. Han hadde tross alt overlevd krigen og hadde ingen grunn for å redusere inntaket av gode råvarer. 

Spesielt protein. 

Og avslutninga. Den overgjekk alt! 

Desserten frå himmelen som berre få barn tørr å drøyme om. 

Om den var balansert? Ikkje akkurat. 

Prosedyren var enkel; - ei stor skje iskrem, helst krokan, dandert med jordbær frå eigen hage, ein liten dash fløyte, litt vaniljekrem og toppa med sukker. 

Var det lov? 

Det var oppskrifta på ein perfekte ettermiddagen hjå morfar. 

Middagen var nesten alltid balansert. 

Vi er vel alle einige at balanse er noko vi målretta jobbar mot, men som ikkje alltid går etter planen. Morfars desserten fekk eg aldri nok av, men i dag er ikkje behovet det same. 

I det lange løp strever vi etter så nærliggande balanse som mogleg, både i mat og vin. 

edited.jpg

Vinmonopolet lanserer nyheiter, og eg har fått smake:

Fleire av vinane mangla balanse; enten for lite syre, for mykje alkohol eller noko anna, mens andre var strålande! 

For at du skal ha ei handfull med vinar, finner du mine beste tips til deg her: 

 

Mykje vin for pengane: 

Tinhof Leithaberg Blaufränkish 

(varenr. 10636501) frå Burgenland, Østerrike.

Klar raud på farge. Delvis mørk kjerne med liten kant. Svært aromatisk og delikat med preg av friske raud frukt. Hint av urt. God lengde, tanninar, syre og frukt. God konsentrasjon og flott vin.

Strålande vin med frukt, syre og tanninar. God vin til pengane.

Poeng 87  I   Terningkast 5   I  Pris 240,90 kr 

 

Fredagsbobler: 

Moutardier Cuvée Carte d'Or, Brut 

(varenr. 5817601) frå Champagne, Frankrike. 

Klar gul på farge. Aromatisk på nasen med tydeleg preg av grøne og gule eple, nøtter og voks. Enkel mousse, god lengde og god syre. Ypparleg bobler til ein uformell fredag.

Poeng 88  I   Terningkast 5   I  Pris 299,00 kr 

 

Digg til fisk og skalldyr: 

Ramón do Casar Nobre Godello

(varenr. 10560901) frå Galicia frå Spania.

Lys klar på farge med tydeleg gule tonar. Elegant nase med preg av gule og grøne eple, sitrus, fersken og hint av fat og mineralitet. God konsentrasjon, fin lengde og balanse.

Delikat vin med fin konsentrasjon. Kan gjerne drikkast aleine eller til fisk og skalldyrrettar, den tåler både fedme og salt.

Poeng 85  I   Terningkast 5   I  Pris 240,90 kr 

 

Vin med alder: 

Arenae Colares Tinto 2009

(varenr. 10663402) frå Colares, Portugal.

Klar, raud på farge. Stor kjerne. Aromatisk nase med preg av kirsebær, lær og tobakk. Fin lengde, syre og balanse. Svært frisk og balansert vin.

Ypparleg vin med alder.

Poeng 90  I   Terningkast 6   I  Pris 298,40 kr 

Ha ei strålande held med eller utan vin :D