Anniken England

Fokus: Tysk GG

Anniken England
Fokus: Tysk GG

Tysk Riesling kan vere så godt og så dårleg, det norske markedet dekker begge kategoriane.

Som mange andre har eg vore stor tilhengjar av dei dårlege og rimelege Rieslingvinen. Heldigvis tok det ikkje mange år før eg vart introdusert til skikkeleg god Riesling - AMEN!  

Bruksområde som Riesling har til mat er ein verden for seg sjølv, då den har ulike grad av sødme, syre og frukt, er det ingen andre druer som kan samanliknast. I tillegg må eg legge til eigenskapen den har til å lagrast i årevis. 

Det er ulike kategoriar og vinar eg kan anbefale deg frå Tyskland, men i dag er det GG som er i fokus. Vinmonopolet har nyleg lansert nye GG som du burde få med deg.

Eg gir deg tre anbefalingar under. 

Enn så lenge er det heimemarknaden i Tyskland og det norske marknaden som forsyner seg mest av tysk GG-vinar. Produksjonen er begrensa, noko som kan endre prisen frå det den er i dag om andre store marknader, som for eksempel Kina eller USA, får ei auke interesse for desse. 

Grosses gewächs (GG) er eit begrep som er viktig, men veit du kva det betyr? På lik linje som ein har dei aller beste vinmarkene under premier cru og grand cru i Frankrike, tilsvarer det erste lage og grosse lage i Tyskalnd. GG er den tørre varianten av ein grosse lage-vinmark. Det er ekstra spanande å snakke om GG akkurat no fordi lanseringstidspunktet for GG er alltid 1.august det påfølgjande året. 

Ein av produsentane som imponerte allereie i april er Weingut Gunderloch som eg fekk besøke i april. Han har vore mest kjent for sine søte vinar, men som dei siste åra har også produsert GG - Det kan anbefalast. 

Les meir om Weingut Gunderloch her. 

 

Anbefalte vinar: 

Gunderloch Hipping GG 2017 (varenummer 10310001) 

Strågul på farge. Aromatisk på nase. Frukten er moden med preg av fersken, steinfrukt, mineralitet og hint av tropisk frukt. Medium syre, god lengde og konsentrasjon.

Poeng 89   I   Terningkast 5   I   Pris 322,60 kr

 

Kühling-Gillot Nierstein Hipping Riesling Trocken 2017 (varenummer 3813601) 

Intens strågul på fargen. Svært aromatisk nase med tydelig preg av gul topisk frukt, steinfrukt og mineralitet. På nasen verkar vinen noko utvikla. I munn er den lang, medium syre og god konsentrasjon.

Poeng 90   I   Terningkast 5   I   Pris 389,90 kr

 

Van Volxem Gottesfuss GG 2017 (varenummer 10311701) 

Strågul på farge. Aromatisk nase med preg av nedfallseple, hint av honning, nøtter og mineralitet. I munn har den god lengde, medium syre og balanse.

Poeng 88   I   Terningkast 5   I   Pris 469,00 kr