Anniken England

Produsent: Weingut Gunderloch

Anniken England
Produsent: Weingut Gunderloch

Sola gløtta fram i det vi såg ut over Rhinen. Rundt oss var markene grøne og frodige. I glaset kom det stadig ein ny vin - vi var godt i gong med dagens fyrste produsentbesøk hjå Johannes Hasselbach.

Johannes er karen som i dag driv Weingut Gunderloch. For berre nokre år sidan tok han over etter sine foreldre, Agnes og Fritz. Mykje har skjedd på dei åra, deriblant utvida lokala. 

IMG_0565 2.JPG

Ikkje mange produsentar har flaske på flaske med andre produsentar utstilt i lokalet sitt. Dei fleste andre er mest opptekna av å markedsøfre sine vinar, sjølvsagt. For min del gav det eit klart bilde på at han undersøker andre produsenter, er alltid i læring og ikkje minst, som det også kom fram, viser spesielt takknemlegheit til andre produsentar som har satt Rheinhessen på kartet. 

Vi starta dagen hjå vinprodusenten Weingut Gunderloch i Nackenheim, som ligger aust i Rheinhessen. Det ligger berre eit steinkast unna ligger Nierstein, som eg besøkte tildegare i år. Det unike med begge stadene er at dei har den kjende vinmarkene, Roter Hang, som med sitt raude jordsmonn gir unike vinar. 

IMG_0562 2.JPG

I dag skulle eg eigentleg ha retunert igjen frå ein tur til Tyskland. På grunn av influensa måtte eg holde meg heime, noko som var frykteleg surt, då mange produsentar har byrja med innhausting og vi hadde ei rekke bra foredrag som venta. 

Under nyheitssmakinga til Vinmonopolet var Gunderloch Hipping GG ein av vinane som vart lansert. I april besøkte eg produsenten og vil difor gi deg litt meir kjøt på beinet om han og gi deg tre anefalte tyske GG. 

Gunderloch har ca. 25 hektar med vinmark. Av desse er det 85% Riesling og blant dei resterande er det ein delvis andel med Silvaner, Gewüstraminer og Pinot Noir. Om forholda er gode kan det gi ein årleg produksjon på 150.000 til 200.000 flasker. 

Stilen hans er presis, rein og med tydeleg preg av jordsmonnen. Familiehuset var tidlegare kjent for å produsere søte vinar, men dei har også no begynt å produsere GG og generelt fleire tørre varianter.

Vanlegvis fermenteres vinane hans i rustfritt stål, men på hans GG har han brukt gamal eik, stük, fat på 1200 liter. Om vi kjem til å oppleve ei auka bruk av eik til Riesling i framtida er lite truleg, men at ein gjerne bruker det litt oftare enn i dag skal ein ikkje sjå vekk ifrå.

Det har seg nemleg slik at fata dei kjøper er nye og vert nytta i ca. tre år til Silvaner før dei i det heile er i nærheita av juicen frå Riesling.

Du finner Vinmonopolets liste over tilgjenglege vinar frå produsenten her.

Nyheit i hyllene på Vinmonopolet frå Weingut Gunderloch:

Gunderloch Hipping GG 2017 (varenummer 10310001) 

Strågul på farge. Aromatisk på nasen. Frukta er moden med preg av fersken, stenfrukt, mineralitet med hint av tropisk frukt. Medium syre, lengde og konsentrasjon.

Poeng 89   I   Terningkast 5   I   Pris 322,60 kr

0304D3A1-CA67-4D55-8566-0B0473BA398E.jpg