Anniken England

Drikk dette til fårikål

Anniken England
Drikk dette til fårikål

Haustens festmåltid! 

Ingenting slo lukta som traff oss ved inngangen. På kjøkkenet hadde han kokkelert til smaken var på plass.  

På kjøkkenet putla det i pannene og han smilte breit mens han tok seg på magen. Stilen var alltid lik, søndagens høgdepunkt var middag hjå min morfar. 

Fårikål er fortsatt like godt, om ikkje betre. Lukta av fårikål får alle minnene til å fylle hjertet mitt når lukta sprer seg rundt i heimen , det er rett og slett magisk!

Allereie på 1800-talet kom “faar i kaal” på det norske middagsbordet. Sidan den tid har vi servert retten ofte på søndagsmiddag, men også i festlege lag. I 1997 fekk Fårikålen sin eigen dag, nemleg siste torsdag i september.

Haustens mest sjølvsagte festmat kan like godt serverast på ein laurdagskveld som til søndagsmiddagen. 

Kva drikker ein til?

Norsk tradisjonsmat er det øl som høyrer til, gjerne med ein slant akevitt. Eit lyst og fyldig øl, gjerne med god friskheit er det som passar perfekt til. Heldigvis er det ikkje heilt fjernt å sette vin til retten heller, sjølv om det byr på større utfordringar. 

Med lammekjøt og kål som dei sentrale ingrediensane er det ikkje raudvin retten skriker etter, snarere tvert i mot. Kvitvin gir den mest harmoniske kombinasjonen til retten og gjerne ein som er kraftig og moden, og som har fått ein liten periode på eik. 

Min peikepinne til deg er difor å finne ein vin laga på drua Chardonnay frå den nye verden (USA, Australia, Chile, Sør-Afrika og Argentina), Jura eller kremen av kremen, Burgund. Du kan også teste ut ein spansk Verdejo, oransjevin eller ein moden champagne - det er godt det! 

Vin frå Sør-Afrika.

Det vi kallar den nye verden er blant anna Sør-Afrika. Fyrst dei siste åra har vi i Noreg fått tilgangen til desse vinane og variasjonen er rimeleg bra no. Vi kan alltids håpe på meir, stien går i rett retning.

Vi skal difor til Elgin, eit distrikt som ligger like ved Cape Town i Sør-Afrika. Berre eit steinkast unna havet vert denne vinen dyrka. Det gir druene gode varme dagar, mens vind frå havet fører til at kveldane vert kjølegare og druene vert friskare.

Klimaet i Sør-Afrika kler drua Chardonnay, fordi det er ei drue som tek lett smak av sitt voksestad og at den har låge 100% på eikefat. Du trur kanskje at den er for overeika, men det er den ikkje. Frukta er såpass god at det totale opplevinga av vinen er meget bra!

7989501-1.jpg

Smaksnotat:

Elgin Vintners Chardonnay 2016 (ordrenummer 7989501)

Nasen er aromatisk av sitrus, eple og hint av tre. I munn er den lang, tørr og frisk med moden frukt og flott integrert fat.

Prøv denne vinen til fårikål.


Poeng 88 I Terningkast 5 I Pris 189,90 kr