Anniken England

Beaujolais

Anniken England
Beaujolais

Har du alltid ein vin på lur? Ein vin som du kan fortelle litt om, ein som gjerne har ei historie?

Det skal du få her!

Røttene til denne historia går tilbake til starten av 1900-talet då vinar vart sendt ned elva Saône til restaurantane i Lyon. "Le Beaujolais Est Arrivé!" ropte dei. Menneska i Lyon feira ankomsten av vinen og atter ei vellukka innhausting ved å drikke med begge hendene. Vinen som kom var frå det franske vinområdet, Beaujolais.

Aust i Frankrike finner du vindistriktet Beaujolais som har vore kjent for å lage lette raudvinar på drua Gamay - helst under namnet Beaujolais Nouveau. Området ligger mellom kjende Burgund og Rhônedalen, snakk om å ligge i skuggen av stjernene.

Beaujolais Nouveau er opprinneleg marknadsføringsnamn som vart skapt av George Duboef for den lokale vinen, Vin de l`année. Sidan den gong har dei lansert vinane under Beaujolais Nouveau den tredje torsdagen i november og har blitt kjenneteikna for å vere lett og ung.

Den yngre generasjonen som har tatt over etter sine foreldre, har plassert området på kartet. Stempelet som Beausjolais no har fått er ikkje rimeleg og lettdrikkeleg vin, heller godt innhald til ein relativt fin pris.

Heldigvis for Beaujolais er ikkje Beaujolais Nouveau spesielt populært lengre og det er kvaliteten produsentane viser som har auka etterspørselen til vinane derifrå.

Nesten all vin frå Beaujolais vert framstilt med kullsyremaserasjon. Kva betyr så det? Jo, vinbonden legger heile drueklasane i store, tette tankar under beskyttelse av CO2 og som starter som ei forsiktig gjæring. Gjæringa omdannar så druesukkeret til alkohol inne i druene. Denne metoden gir vinar som har mjuke tanninar og aroma av mørke bær.

Ein produsent som eg tykkjer det er ekstra spanande å følgje med på OG som lanserte ein ny vin på Vinmonopolet til ein hyggeleg pris er nemleg, Jean-Paul Brun.

Ved inngangen av 1980-talet begynte Jean-Paul med 4 hektar vinmark, noko som har auka til 50 hektar i dag. Han har vore kjent for å vere ein vinrebell frå starten av og gått sin veg framfor å følgje det tradisjonelle.

I den lille landsbyen, Charnay, sør i Beaujolais held han til. Sjølv om han har god innsikt i vindyrking gjer han så lite som mogleg når han framstiller sine vinar. Du kan gjerne tenke at dette er paradoksalt, men av respekt til naturen blir dei sunnast druene til ved å kunne beskytte seg sjølv mot eventuelle angrep og sjukdommar. Det fører til at røttene går så langt ned i jorda som dei vil og klare seg sjølv.

Om du ikkje var klar over det, er det meir vanleg å sprøyte vinmarkene sine enn å la vere. Jean-Paul bruker minst mogleg tilsetning av SO2 (svoveldioksid), chaptaliserer ikkje (ingen tilsetning av sukker) og han nyttar heller ikkje noko anna gjær enn den gjæra som naturleg kjem frå kjellaren og druene.

Som ein introduksjon til Beaujolais vil eg difor anbefale deg dag å teste ut Jean-Paul Brun.

7161501-1.jpg

Smaksnotat:

Jean-Paul Brun Morgon Côte du Py Javernières (varenummer 7161501)

Raudblå på farge. Svært aromatisk nase med preg av friske raude bær, noko floralsk og hint av urt. Tørr i munn, lang, ok syre og fint integrerte tanninar.

Poeng 90 I Karakter 5 I Pris 275 kr