Anniken England

VINMONOPOLETS NYHEITER

Anniken England
VINMONOPOLETS NYHEITER

Desse vinane vil du prøve!

På fredag 7.september lanserer Vinmonopolet nyheiter som skal fylle hyllene. Temaet for lanseringa er vinar frå kjølege klima; Cool climate

Med ein rimeleg fullbooka timeplanen tok eg fyrste flyet til Oslo sist torsdag for å nå Vinmonopolets nyheitssmaking for september. Desse smakingane som Vinmonopolet arrangerer for pressen er svært nyttige, ikkje berre fordi vi får smake nyheitene, men også høyre kva fokusområde Vinmonopolet har og kvifor.

For det har seg slik at Vinmonopolet sjølv også reiser rundt for å leite etter ”nye” (eller mindre kjende områder) som dei ynskjer å introdusere til oss. 

Kva betyr så kjøleg klima?
Det er ingen eksakt breddegrad vi snakker om her, men grovt sett kan vi sei blant dei nordlegaste og sørlegaste breddegradene som det er mogleg å produsere vin. Og som du veit, finst dei område både i den gamle og den nye vinverden.  

Vinar frå cool climate har altså ingen etablert definisjon, men heller ei beskrivelse av kva for stil desse vinane har. Kjøleg klima gir ofte høgare syre på vinen, noko lågare alkohol og kjølegare frukt. Ein opplever desse vinane ofte som friske og elegante, kan det bli betre? 

Du skal ikkje henge deg for mykje opp i at det er berre desse områda du skal kategorisere innan cool climate, for sanninga er at vi har desse områda langt nærmare oss enn du anar. For nyleg var det konkurranse i Norsk Vinskue i Kristiansand som viser seg at også i Norge skjer det saker og ting på vindyrkingsfronten. Under konkurransen var det Bjørn Bergum i Sogn og Fjordane som gjekk av med sigeren. Også Sverige og Danmark er det berre å følgje med, for her skjer det saker.  

Cool climate wine is like natural wine: There is no defenition, but that dosen`t stop it from being a useful term.”                                               
—  - Jamie Goode, Cool climate Wine Symposium 2016

I tillegg til kjøleg klima, kjem det ei lansering av tysk GG, og ettersom vi går inn i viltssesongen har dei vinar laga på drua Syrah, spesielt frå Cornas og New Zealand, sjølvsagt litt Beaujolais, ufiltrert vin og meir. 

Dei kjølege områda som Vinmonopolet har valgt å fokusere på denne gongen er: 

0228.JPG

Du vil få litt meir kjøt på beina frå kvart område i dagane som kjem på Druefin, for eg er faktisk ikkje heilt ferdig med nyheitssmakinga i denne omgang. 

Under finner du ei liste over alle vinane eg anbefalar deg å smake på og litt meir informasjon om dei enkelte områda, så følg med!