Anniken England

”Coolest of the cool”

Anniken England
”Coolest of the cool”

Next up: Tasmania

Vi kom oss aldri til Australia eller Tasmania då vi var på backe packing. Sanninga var at prisane innad i landet passa ikkje vår lommebok, difor reiste vi heller til søraust-Asia. Det er ikkje noko vi angra på i dag, men etter ei spennande nyheitssmaking hjå Vinmonopolets er det ikkje så usannsynleg at Tasmania blir neste reisemål, for vinane herifrå imponerte. 

”Coolest of the cool” er definisjonen på Tasmania, øya som ligger 240 kilometer sør for Australia og skiller dei to øyene av Bass-stredet. Staten Tasmania inkluderer den øya og ei rekke andre omkringliggande øyer. Å sjå bilete derifrå får reisefeberen til å auke. For det eg likar ekstra godt med Tasmania, er at heile 36% av øya er naturreservat; forurensing er nesten fråverande, nesten alt av mat og drikke er lokalprodusert OG av god kvalitet. 

Området befinner seg på 42 breddegrad med realitvt kjøleg klima. Sommerane deira er milde, hausten er lang, noko som gjer den perfekt for vindyrking. Øya har sjølvsagt hav på alle sider som fører til at det blir relativt fuktig. 

Innan vindyrking finner ein ei rekke druer som gir utmerka vinar, og dei som eg vil trekke fram er Pinot Noir og Chardonnay. Per dags dato er det Pinot Noir som har tatt heilt av og har dobbelt så høg verdi som den har i Australia. For dei som ynskjer å leve av å lage vin, gjerne i mindre skala, kan faktisk leve godt av å ha 5-6 hektar med vinmark. 

Dei vinane som vi smakte OG som utmerka seg frå Tasmania var: 

  • Josef Chromy Pinot Noir 2016 
  • Dalrymple Pinot Noir 2016 

Om du ynskjer å lese meir om desse har eg laga eit dokument som du kan laste ned ved å trykke på Vintips. Der får du i tillegg andre anbefalingar frå Canada, USA og England.