Anniken England

it's all about canadian wines

Anniken England
it's all about canadian wines

Deira største utfordring er besøk av bjørn og villhest

Dessverre fekk eg ikkje prøve kanadisk vin då eg budde i USA. På den eine helgeturen vi hadde til Canada var formålet å få eit stempel i passet til vertsbroren min. Familien ville tross alt fortsette å på bu i USA og ikkje bli kasta ut.

SÅ, tilbake til kanadisk vin! 

Sjølvsagt om Vinmonopolet er flinke til å søke mot nye områder og utvide horisonten til kundane, er det fortsatt hovudvekt av det klassiske og vinstilar som er i trend. Difor er det alltid spanande med vinar som ikkje er tungt representert på Vinmonopolet. 

I Canada er det hovudsakleg i den sørlege delen av British Columbia og i den sørlege delen av Ontario at det vert produsert vin. Har du smakt vin derifrå? 

Denne gongen er det vinregionen Okanaga Valley som ligger i Brithis Columbia vi skal bli betre kjent med. I dette området har dei andre utfordringar i vinmarkane sine, deriblant  halde bjørnar og villhestar vekke. 

I Canada har det blitt dyrka vin heilt tilbake til 1800-talet, men då var det hovudsakleg hybrider. Fyrst på 70-tallet endra fokuset seg og vinprodusentane vart meir oppteken av sine forhold og potensial. . 

agriculture-blur-branches-225229.jpg

På leit etter sin stil til sine vinar, vart vinstilen lik som den i Napa Valley. Med tida har klokskapen, kunnskapen og behovet etter å finne din identitet inntruffet dei.   

Okanaga Valley har relativt kjøleg klima. Det betyr veldig kjølege vintrar og sommar som har svært varme dagar og kjølege netter - Altså store temperaturforskjellar. 

Ein kan gjerne stille seg spørsmålet til prisen på desse vinane. Til likheit med det amerikanske markedet, er det stor vininteresse blant publikumet heime og som resulterer i liten eksport. Ettersom etterspørselen er såpass stor på heimemarknaden blir prisen pressa noko opp, noko som både det lokale- og eksportmarknaden merke. 

Det betyr ikkje at vi skal halde oss unna vin frå Canada eller USA, men gjerne finne dei godbitane som er verdt å prøve. 

Desse produsentane vert lansert med sine vinar: 

  1. Quails' Gate Chardonnay
  2. Nighthawk Chardonnay
  3. Cave Spring Riesling Icewine

Test gjerne desse ut, og om eg var deg ville eg ha lasta ned min guide til nyheitslanseringa på Vinmonopolet her.

Trykk "Ja takk!" så hamnar den rett i lomma di :)