Anniken England

Engelske bobler til topps

Anniken England
Engelske bobler til topps

Slår ut prestisjefylte Champagne  

Heldigvis fekk vi prøve ulike vinar då eg jobba på Tango Restaurant. Ein av desse var engelske bobler. Generelt hadde vi eit klientell som var oppteken av det klassiske, noko som gjorde det ekstra spennande å servere noko mindre kjent og klassisk, som for eksempel engelske bobler.  

For førti år sidan byrjinga ein å plante druestokkar i England. Folk lo og viste stor skepsis til ”prosjekt engelsk musserande vin”. Dei som tok sjansen og trossa alle fordommane den gong, kan le ekstra godt i dag då dei har hatt ei rivande utvikling. 

Under Vinmonopolets spesialslepp i sommar utmerka England seg, samt at nokre av desse boblene fekk betre omtale enn enkelte Champagne. Nokre gjekk så langt som å sei at gitt tida engelskmennene har brukt på å løfte opp boblene til dagens nivå, kan ein gjerne spekulere i kva dei neste åra vil by på. Utviklinga til kvaliteten, produsentane og ikkje minst interessa blant publikum er ekstra spanande. 

Boblene er ideelle å drikke i dag og lagrast - faktisk med ein tidshorisont på 5-10 år. Og det er ikkje tilfeldig at England kjem så godt ut i kvaliteten, då det kjølege klimaet er ideelt for å få god syre og at dei faktisk har rette forholda for dei tradisjonelle druene. Ikkje nok med det; auka kunnskap, investeringslinjer og produksjonsteknikkar har spikra dei siste faktorane. 

Kva er så skilnaden på engelsk musserande vin og Champagne?

For noko må det jo vere! 

Generelt kan vi sei at engelske bobler er syrlegare, meir fruktdrevne og med eit såpass kjøleg klima er dosering av sukker, gjerne mellom 5 og 10 gram per liter, heller regelen enn unntaket. 

Engelske bobler slår ikkje ut Champagne på alle planer, eg vil sei at Champagne fortsatt er kongen på haugen innan dette markedet. Men det er inga tvil om at dei skiller seg ut og imponerer med sin rivande utvikling på så kort tid. Ein ting er sikkert - eg kjem til å følgje nøye med på engelsk musserande vin i tida framover. 

Under nyheitslanseringa til Vinmonopolet i september er det ikkje mange engelske bobler, men om du er interessert å prøve, har eg anmeldt to av dei som kjem, last gjerne ned mine anbefalingar her. 

0186.JPG