Anniken England

Olav Bleie

Anniken England
Olav Bleie

”Fyrst skal dei tenkje på sider, deretter  fjell og fjord.”     

Ambisjonane  er det ingenting å sei på, ta  siderprodusenten  bak  Alde, Olav Bleie, som eit eksempel. Den unge produsenten la doktorgradsstudiet  i kjemi  på hylla for å gjenreise familiens  siderproduksjon. På garden til Bleie har familien laga sider i hundrevis av år.    

Som for mange andre var det ikkje aromaen i sideren  Olav leita etter i kjellaren heime på garden i oppveksten. Det var under studentperioden i Bergen at han ble meir  interessert i aroma og kvalitet i sider. Det resulterte i  Krunecider, den fyrste norske sideren som hamna på Vinmonopolets hyller.  

I løpet av dei siste 15 åra har  mentaliteten enda seg; interessa, etterspørselen og nysgjerrigheta  for  dei ulike produkta har økt.  Hjå Olav  vert sideren produsert under eplesorter, akkurat  som ein i vinverden har  enkeltmarksviner.   

Visjon til Olav er at når folk høyrer Hardanger,  er det sider det fyrste  dei skal tenke på, så fjell og fjord.  Visjonen hans har bidrege  til  å løfte Hardanger og heve kvaliteten på norsk sider generelt. Turister kjem frå heile verda for å kjøpe med seg sider.

Det har no gått fire år sidan Olav starta å produsere sider på familiegarden. Som dei andre  produsentane  i område kunne  han fortelje at årets innhausting kom  tre veker før  fjorårets.  Etter ein solrik og varm sommar har frukta aldri vore så  tidleg  som i år, og for Olav  passa  dette  bra,  då han er utseld for  sine edle dråper.

IMG_3539.jpg
IMG_3538.jpg
IMG_3540.jpg

Kva mat kan ein laga til Alde sider?

På ein liten lokal restaurant i Loire-dalen drakk eg fransk cider til mat for fyrste gong. Det var ein lokal spesialitet og sjølvsagt måtte eg teste det ut. Fransk crêpe vart servert i ulike variantar, du kjenner kanskje til dei franske pannekakene med nutella som du kan kjøpe langs gatene?

Vi hadde altså ulike crêpe med foie gras, skinke og ost - dei meir spanande variantane.

Tilbake i Noreg har sider fått meir oppmerksomheit noko som betyr at ein også må undersøke kva potensial den har til mat. Vi testa ut ulike rettar, men det som hamna som ein klar favoritt var siderdampa blåskjel med chili, kvitløk, løk, fløyte og masse parmesan.

Alder 100% Discovery var det vi hadde i glaset, det var godt det!

IMG_2535.jpg