Anniken England

Sider er Norges svar på Champagne 

Anniken England
Sider er Norges svar på Champagne 

Dei siste fem åra har produksjonen av sider auka frå 40.000 liter til 200.000 liter.

Det står ikkje på viljen eller ambisjonane til siderprodusentane i Hardanger. Etter 10 år med mykje arbeid er det fyrst i dag ein kan sjå resultatet. Dei som byrja arbeidet har no fått med seg fleire og energien blant dei mange produsentane er til å ta og føle på.

Ikkje berre hjå produsentane er interessa stor, etterspørselen har auka og dei siste dagane har media satt søkelys på sider - det er moro!

IMG-3505.JPG

Store i ord

Ambisjonane er ingenting å sei på hjå dei mange produsentane, men for å gjere ein forskjell er det heilt nødvendig å tørre å tenke stort. Ein bør gjerne tenke så stort at dei andre ristar litt på hovudet, for det er faktisk då magien skjer.

Det som opprinnelig var ein heimeprodusert drikk med høgt innhald av alkohol, har dei siste åra utvikla seg til ein drikk ein både kan kombinere med mat og nyte aleine. Over store deler av Norge kan vi finne ei rekke  siderprodusentar  som verkeleg har heva kvaliteten og  freista  oss med deira sider. Eg har tidlegare snakka om to yngre produsentar som tør å tenke stort, les meir om dei her:

Det er ikkje berre desse to karane du skal få med deg, men også dei andre produsentane i Hardanger for dei er like viktige siderprodusentar. Så følg med.

IMG-3518.JPG

Nytt siderspråk

Etter fleire besøk i Hardanger hjå produsentane er dei alle opptekne av dei forskjellege epla og deira karakter. Ord vert ikkje fattige når ein skal diskutere sider, snarare tvert i mot. Det er mange ord å bruke, men gjerne eit vokabular ein ikkje er vant til å bruke og knytte saman med sider.

På vegen mot å gjere norsk sider meir synleg har fleire instansar tatt fatt på oppgåva og ynskjer å betre ei rekke punkt for å nå målet. Ein av desse er å lage eit nytt siderspråk, kva tenkjer du om det?

Eg har jobba med aroma og smak i mange år med hovudfokus på vin, øl og mat. Det betyr ikkje at sider er ei ny verd, men at det er ein verden ein ikkje kjenner alt for godt til og difor må arbeide meir med for å opparbeide seg same kunnskapen.

Ved fleire anledningar har vi i Puncheur jobba med alle produsentane og analysert deira produkt for å finne ut kva for potensial dei har til mat og kvaliteten. Det vi opplever gong på gong er spenninga med å arbeide nærmare på norsk sider og kvaliteten til dei enkelte eplesortane har.

 Ove Svendsen og Anniken England driv firmaet Puncheur. Foto: Ingerid W. Wembstad i Matarena

Ove Svendsen og Anniken England driv firmaet Puncheur. Foto: Ingerid W. Wembstad i Matarena

Norges svar på champagne

Norsk sider er ikkje svaret på champagne heilt enda, men dei er på veg mot noko som er verkeleg bra og ein dag er dei der. Vegen blir til medan ein går og for å skape noko fenomenalt må ein tenke stort. Arbeidet som kvar enkelt produsent legger ned viser den enorme innsatsen og lysten etter å stadig bli betre.

Difor kan eg ikkje gjere noko anna enn å anbefale deg å sjå nærmare på norsk sider på polet, du kjem til å bli overraska på utviklinga den har hatt og utviklinga den vil ha framover.

I morgo skal eg presentere fleire siderprodusentar, så følg med!

IMG-3544.JPG