Anniken England

Norsk sider

Anniken England
Norsk sider

Munkane kom med epla, og sidan den gong har vi nytta oss godt av dei.    

Med bakgrunn frå Leikanger i Sogn og og Fjordane, har eple alltid stått i fokus. På gardane rundt huset var det eplehagar og i bygdene rundt. 

Bruk av eple i mat, både til det salte og det søte, har alltid vore viktig. Aller viktigast var den heimelaga sideren i ungdomsåra (saman med heimelaga plommevin). 

Det siste tiåret har sider fått meir oppmerksamheit i Noreg og tilbodet har auka. På gardane rundt om har dei alltid produsert sider, men for oss andre er det fyrst no tilgangen på Vinmonopolet begynner å vise variasjonen. Fortsatt er dei under stor utvikling, men det skjer framsteg også her. 

 

Meir fokus på sider

Mitt andre firma, Puncheur, har det siste halv året brukt ekstra tid på sider. Hardanger har vore utgangspunktet vårt og det har vore spanande å bli betre kjende med produsentane, deira produkt og vegen dei har gått mot målet. 

Vi har besøkt alle produsentane i Hardanger, smakt oss gjennom alle deira produkt og testa ut enkelte sider til mat. Det skjer mykje på dei kantane, og variasjonen til dei enkelte produsentane variera. Siderproduksjonen er allereie i startgropa, spesielt når ein tenkjer på den auka produksjonen i volum og samtidig halde på kvaliteten. 

I dag er vi tilbake i Hardanger for å høyre meir om korleis innhaustinga har gått og generelt oppdatere oss på kva som skjer.

Under ser du bilete frå UNESCO-middagen under Bergen Matfestival 2018 der vi snakka om sider.

IMG_4272.jpg
IMG_4276.jpg
IMG_4291.jpg
IMG_4278.jpg

Opphavet til sider - i korte trekk! 

På slutten av 1200-talet kom munkane med epla til Hardanger. Dei forstod raskt kva ypparlege forhold epla fekk på 60  breddegrader nord. Aromatikken, syra og den friske frukta kunne knapt samanliknast med epla frå noko anna sted i verda. 

Til tross for vanskelegheiter knytta til bratte fjellsider og  små garder,  lå det i  Hardanger  likevel  til rette for  fantastiske vekst vilkår på grunn av det milde klimaet og dei lange lyse dagane.   

Produksjon av sider vokste, og perioden  mellom 1890  og  1920  var det  store  siderfabrikker  i Hardanger. Fram til 1921 eksporterte dei eplesider til byane omkring i Europa. Eksporten og det store salet tok så slutt  på grunn av innstramming i lovene for omsetning og produksjon av alkohol. Fabrikkane  vart lagt ned, men  produksjonen av sider på gardane  i Hardanger  levde  likevel  vidare.   

Bortsett frå ein liten periode rundt forgje  århundre skifte, har det blitt brygget sider i Hardanger. På gardane held dei tradisjonen ved like og forbireisande fekk smake på dei lokale produkta. Storheitstida for kommersiell Hardangersider vart avløyst av forbunds- og krigstida, og etterspørselen etter frisk frukt var da så stor at alt gikk unna til ferskkonsum, safting og sylting.   

Over heile Noreg  veks  det  eple, der nokon stader  har  betre vekstforhold enn andre. Alle står fritt til å presse råsaften frå eple og  gjære den til sider.  Blant dei ulike stadene er det  så langt berre  regionen  Hardanger  som  sidan  2009  har vore  beskytta  sider region  med spesifikke regler.   

Det vert meir fokus på sider denne veka :)