Anniken England

Kva er oransjevin, eigentleg?

Anniken England
Kva er oransjevin, eigentleg?

Det er kvitvin laga som raudvin.  

Vil du vite litt meir? Les under, eg lovar å vere kort og presis.

Etter tida som student på NHH var kanskje det viktigaste eg lærte at å snakke rundt grauten time etter time viser heller mangel på kunnskap. Eg irriterte meg grøn på dei som ikkje klarte å forklare sitt hovudområde kort, presist og deretter bygge på med relevant informasjon.   

Så, vi skal dykke litt djupare i kva oransjevin eigentleg er. 

Nyleg fekk eg spørsmålet om det var rosévin, noko det ikkje er. Eg forstår kvifor spørsmålet kom, har du høyrt om oransjevin? 

Stadig kjem det nye uttrykk og fleire vinstilar til Noreg. Bransjefolk som jobbar med mat og vin til dagen vert introdusert til det ”nye” så snart ein importør får det inn i porteføljen sin. 

Litt etter litt kjem informasjonen ut blant folk, og nokre gonger slår det an. Akkurat som økologisk vin har og naturvin no begynner å bli. 

Når det kjem til oransjevin er det truleg ei stund til enda, men det betyr ikkje at du allereie no kan vere i forkant å ha ei forståing til kva begeret betyr. 

Som eg innleiingsvis sa er det kvitvin laga som ein raudvin. Det betyr at når ein lagar kvitvin vert druene pressa og rett etterpå separere ein druejuicen frå kjerne og skalet. Skilnaden kjem altså her: oransjevin let ein drueskalet og kjernen bli (det er dette ein kallar skallkontakt) for å produsere tanninar eller det ein også kallar garvesyre. 

I oransjevinen ligger druejuicen saman med drueskalet og kjerna alt i frå nokre timar til fleire månader. Dess lengre drueskalet og kjerna ligger saman med juicen, dess meir farge, tanninar og intensitet i aromaen får juicen.

Veldig ofte vert det ikkje tilsett tilsetningsstoffer eller gjær i denne prosessen. Difor vil desse vinane ofte vere økologiske, biodynamiske eller hamne i det udefinerbare begeret, naturvin. 

Resultatet er ein vin som er meir nøtteaktig, svært aromatisk, tydeleg tanninar og med ein fantastisk djup gul eller oransje farge. 

Eg har trekt fram enkelte produsentar denne som produserar oransjevin. Personleg tykkjer eg det er langt meir interessant framfor berre å snakke om det generelle. Du kan lese om dei enkelte her: 

Oransjevin vert produsert fleire plassar, men det som er vil trekke fram i fyrste omgang er Italia og Slovenias vinregionen, Goriška Brda. Andre områder der du kan finne spanande oransjevin frå er USA, Australia, Sør-Afrika, Spania, Chile, Frankrike og Østerrike. 

Ver open og prøv alltid noko nytt.